Vestvågøy kommune - motsegn til detaljregulering for Skullbru bustadområde

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for bustadområde Skullbru i Vestvågøy kommune. Departementet legg vekt på at bustadområdet i høve nye vurderingar frå Avinor ikkje vil vere til hinder for etablering av ei eventuell framtidig lufthamn ved Leknes.

Bakgrunn
Detaljregulering for bustadområde Skullbru i Vestvågøy kommune er sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet frå Statsforvaltaren i Nordland i brev 29. november 2023, på grunn av uløyst motsegn frå Avinor. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for eit bustadområde med om lag 22 nye bustadeiningar, ny avkøyring frå E10 og areal for leik og opphald. Planforslaget er i tråd med gjeldande arealdel av kommuneplanen, som har avsett arealet til noverande og framtidig bustadområde.

Avinor fremja 18. desember 2020 motsegn til detaljreguleringa, med bakgrunn i planer for ny lufthamn Lofoten, som blei spilt inn til Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2034. Ifølge Avinor er det ikkje laga restriksjonsplan for den nye lufthamna, men dei vurderer at bustadområdet vil bli liggande innanfor hinderflater i ein slik restriksjonsplan. Avinor vurderte òg at planområdet på Skullbru antakeleg blir liggande i overgangen mellom raud og gul støysone, jamfør retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging.

Mekling blei gjennomførd 26. november 2021, utan at ein kom til semje.

Vestvågøy kommune vedtok detaljreguleringa 27. september 2022, utan å ta omsyn til motsegna. Kommunen meiner at grunnlaget for motsegna er svak, og viser til at motsegna er fremja på bakgrunn av eit innspel til NTP 2022-2033, som ikkje blei teke med i inneverande periode. Kommunen viser òg til at Avinor ikkje ga innspel til oppstart av planarbeidet som skulle tilseie at området ville kome i konflikt med ein ny storflyplass, og at det heller ikkje blei reagert på utvidinga av arealet i ny arealdel til kommuneplanen. Dette til tross for at Avinor i 2019 fekk utgreia støykartlegging av ny storflyplass, der delar av bustadområdet på Skullbru kjem innanfor gul støysone.

Statsforvaltaren i Nordland rår i brev 29. november 2022 til at motsegna tas til følgje, og seier at så lenge status for ny hovudflyplass for Lofoten på Leknes ikkje er avklåra, bør det ikkje godkjennast ei detaljregulering som kan gjere realisering av denne vanskeleg. Statsforvaltaren skriv òg at i den føreliggande saka har dei pågåande planane for ein ny storflyplass ikkje blitt teke omsyn til verken ved revidering av kommuneplanen sin arealdel som blei vedteke i 2020, eller i samband med planarbeidet for Skullbru bustadområde.

Avinor trekte i brev 17. januar 2024 motsegna til detaljregulering på Skullbru. Grunngjevinga for dette er at endra kriterium for konstruksjon av innflygingsprosedyrar har ført til at Avinor i ettertid har gjort ei fornya vurdering av prosedyrane for ein stor flyplass. Konklusjonen er at den planlagde bustadutbygginga ikkje vil påverke prosedyrane for ei framtidig lufthamn, og med det ikkje dei operative tilhøva, det vil seie regulariteten. Avinor presiserer at delar av bustadfeltet vil bli liggande i gul flystøysone, moglegvis òg nokre bustader i raud støysone.

Møte og synfaring er ikkje gjennomført i denne saka, grunna at Avinor har trekt motsegna.

Samferdselsdepartementet gav ei uttale om saka 2. april 2024, etter å ha innhenta ny uttale frå Avinor om grunnlaget for deira endra standpunkt. Avinor viser til nye analysar som indikerer at operative avgrensingar kan avbøtast, og at eventuelle støyplagar ved bustadene kan avhjelpast med bygnadsmessige tiltak og innløysing av bustader.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at det vil vere mogleg å anleggje ei lufthamn med tilstrekkeleg sikkerheit og driftsmessig regularitet på Leknes, og at dette er den einaste lokaliteten i Lofoten som er eigna for ei ny stor lufthamn.

Samferdselsdepartementet viser samtidig til at ny lufthamn på Leknes ikkje er nemnt i Nasjonal transportplan 2025-2036. Departementet uttaler at tidsperspektivet for ei eventuell ny lufthamn er så vidt langt at ein bør vise varsemd med å avgrense kommunen og grunneigarane si handlefridom, og sluttar seg til at Avinor har trekt motsegna. Samtidig føreset departementet at Avinor og Vestvågøy kommune held kontakt for å førebyggje unødig konflikt mellom grunneigarane og luftfarten sine behov.

Departementet viser til at avbøtande tiltak i høve sikkerheit og støy vil auke kostnadane ved flyplassprosjektet, men at dei auka kostnadane vil vere små i høve totalkostnaden.

Klima- og miljødepartementet gav ei uttale om saka 7. mai 2024. Dei skriv at for miljø­forvaltninga er støy hovudspørsmålet i Avinor si motsegn. På bakgrunn av at Avinor og Samferdselsdepartementet ikkje meiner det er grunnlag for ei motsegn no, og at det ikkje er nokre uløyste motsegner frå miljøforvaltinga, ser ikkje Klima- og miljødepartementet trong for å gje ei vurdering av saka.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 fyrste ledd, kan statleg og regionalt organ fremje motsegn til spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional vekt, eller som av andre grunnar er av vesentleg vekt for vedkommande organ sitt saksområde. Etter § 12-13 andre ledd avgjer Kommunal- og distriktsdepartementet om motsegna skal tas til følgje. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen. I denne saka skal departementet avgjere om vedtaket til Vestvågøy kommunestyre av detaljregulering for Skullbru bustadfelt skal godkjennast, eller om motsegna frå Avinor skal tas til følgje.

Det går fram av H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven, at når ei plansak som det er motsegn til er sendt til departementet for godkjenning, og saka er teke opp til behandling, vil departementet alltid fatte det endelege planvedtaket. Dersom det organet som har fremja motsegn eller overordna organ har endra standpunkt etter at saka er oversendt til departementet, vil dette bli vurdert som ei uttale frå vedkomande organ ved departementet si behandling.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at ei eventuell ny stor lufthamn ved Leknes ligg eit stykke fram i tid, sidan denne ikkje nemnd i Nasjonal transportplan 2025-2036. Avbøtande tiltak i høve sikkerheit og støyproblem vil, etter det opplyste, vere moglege å få til. Slike tiltak vil auke kostnadane, men ikkje i så stor grad at desse tiltaka vil gjere det umogleg å realisere utbygging av ein eventuell ny storflyplass ved Leknes.

Bustadområdet på Skullbru har lege inne i arealdelen av kommuneplanen for Vestvågøy i to planperiodar, først frå 2008, og sidan 2019 med eit noko utvida område. Avinor si motsegn er trekt, og det er ingen andre motsegner til planen. Departementet legg ut frå dette til grunn at det ikkje er nasjonale omsyn som tilseier at detaljplanen for Skullbru bustadområde ikkje kan godkjennast.

Vurdering etter naturmangfaldlova

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8 til 12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane og vektlegginga skal gå fram av vedtaket. Konsekvensutgreiinga viser at planområdet for det meste består av myr med kantvegetasjon, og utgjer ein liten del av det større myrområdet Himmelsteinmyran. Det har tidlegare vore torvuttak her. Utgreiinga viser til at myr generelt har stor tyding for det biologiske mangfaldet. Departementet viser til vurderingane gjort i saka av kommunen og statsforvaltaren, og vurderer at kunnskapsgrunnlaget for å treffe avgjerd er tilstrekkeleg.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 godkjenner Kommunal- og distrikts-departementet detaljregulering for bustadområde på Skullbru, vedteken av Vestvågøy kommunestyre den 27. september 2022.

Departementet si avgjerd er endeleg, og kan ikkje klagast på.

Med helsing
Erling Sande


Kopi:
Avinor AS
Samferdselsdepartementet
Vestvågøy kommune