§ 6 - Vurdering av habilitet
Tolkningsuttalelse | Dato: 19.09.2018 | Justis- og beredskapsdepartementet
Tolkningsuttalelse fra lovavdelingen
Mottaker:
Nærings- og fiskeridepartementet
Vår referanse:
18/3595 EO TRR
Brevdato: 28.08.2018
Vurdering av habilitet
1. Innleiing
Vi viser til brev frå Nærings- og fiskeridepartementet 22. juni 2018, der det blir bede om ei vurdering av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen sin habilitet i samband med eit eventuelt samarbeid mellom departementet og Xynteo AS, og til brev 31. juli og e-post 7. august 2018 med utfyllande informasjon om selskapet og det eventuelle samarbeidet. Bakgrunnen for førespurnaden er Osvald Bjellands posisjon i Xynteo AS. Han er gift med Thorhild Widvey. Widvey har tilknyting til same politiske parti som Røe Isaksen og har tidlegare vore medlem av regjeringa.
2. Fakta
Nærings- og fiskeridepartementet har i e-post 7. august 2018 vist til at næringsministeren har fått ein invitasjon frå Xynteo AS om å vere samarbeidspartnar for konferansen Xynteo Echange / Norway, som vart arrangert for fyrste gong i fjor. Departementet har gitt følgjande opplysningar om invitasjonen:
«Forespørselen gjelder et ikke-finansielt samarbeid. Xynteo ønsker at konferansen skal bli en "verdensledende plattform for ideer, talenter og kapital", og de ønsker at næringsministeren vil være med på å nå ambisjonene for dette. Statsråden er invitert til et arbeidsmøte i august for å diskutere årets konferanse og ambisjonene for denne. Andre inviterte deltakere er representanter fra toppledelsen i en rekke norske og internasjonale selskaper, samt Innovasjon Norge og Forskningsrådet.»
Av brevet 31. juli 2018 går det fram at Osvald Bjelland er dagleg leiar og styreleiar i Xynteo AS, som han sjølv har starta. Xynteo AS er fullt ut eigd av Xynteo Limited, registrert i England. Bjelland har opplyst at han er hundre prosent eigar av Xynteo Limited.
Røe Isaksen skildrar i brevet 22. juni 2018 sin relasjon til Widvey og Bjelland på følgjande måte:
«Jeg kjenner Thorild fra politikken fordi hun har hatt flere verv i Høyre. Vi møtes selvfølgelig jevnlig i partisammenheng, særlig da Thorhild var statsråd. Osvald kjenner jeg via Thorhild, hans kone. Han er også av og til med i partisammenheng, for eksempel på regjeringens sommermiddager med følge.
Thorhild Widvey leder Høyres bedriftskanal og i den forbindelse har vi også kontakt.
I ca. 2009/10 deltok jeg på en middag i Reform Club i London og et møte med en britisk Labour-politiker for å snakke om yrkesfag. Det var Osvald Bjelland som hadde invitert meg med på turen. Reise og opphold ble dekket av Høyres stortingsgruppe.
Vi er ikke venner privat, og har først og fremst møttes i sammenhenger som er knyttet til min profesjonelle rolle, men det har også innebåret at jeg har vært på middag hjemme hos dem (se under). Min kone og jeg var også invitert i Thorhild Widveys 60-årsdag, men vi hadde ikke anledning til å delta.
Da jeg var kunnskapsminister deltok jeg i en middag hjemme hos Widvey/Bjelland ifm et besøk fra en direktør i Pearson (eier bla. The Economist Group). De har også en stor avdeling som jobber med læremateriell.
Våren 2018 deltok jeg i en middag hjemme hos Widvey/Bjelland saman med en gruppe fra norsk næringsliv. Også denne middagen oppfattet jeg som klart knyttet til min nye rolle som næringsminister.»
3. Lovavdelinga si vurdering
Etter forvaltingslova § 6 første ledd gjeld lova sine habilitetsreglar for offentlege tenestemenn når dei skal «tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller […] treffe avgjørelse i en forvaltningssak». I e-post 7. august 2018 er saka no omtala som eit «ikke-finansielt samarbeid», noko som dermed gjer det usikkert om desse reglane i det heile kjem til bruk. Ut frå dei gitte opplysningane går det ikkje fram at det – på det noverande tidspunktet - er tale om å «tilrettelegge grunnlaget for» eller treffe ei avgjersle i ei forvaltingssak. I e-posten 7. august blir det nemnt at statsråden er invitert til eit arbeidsmøte for å diskutere årets konferanse. Deltaking i eit slikt møte, eller til dømes som innleiar på konferansen, vil i utgangspunktet ikkje aleine føre til at habilitetsreglane kjem til bruk.
Vi vil likevel i det følgjande trekkje fram nokre generelle moment som vil vere relevante for å vurdere om relasjonen kan medføre inhabilitet etter forvaltingslova sine reglar, under føresetnad av at det er tale om ei forvaltingssak som er underlagt § 6 i lova. Tilknytinga mellom Røe Isaksen og Bjelland er ikkje av ein slik karakter at dei ubetinga inhabilitetsgrunnane i forvaltingslova § 6 første ledd er aktuelle. Habilitetsspørsmålet må difor vurderast på bakgrunn av § 6 andre ledd. Etter føresegna er ein tenestemann inhabil dersom det ligg føre«andre særegne forhold […] som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». Forvaltingslova § 6 andre ledd legg dermed opp til ei brei, skjønnsmessig vurdering av tenestemannen si tilknyting til saka eller saka sine partar. I vurderinga skal det mellom anna leggjast vekt på om avgjersla kan føre med seg «særlig fordel, tap eller ulempe» for statsråden sjølv eller nokon han har nær personleg tilknyting til, og om spørsmålet om habilitet har blitt reist av nokon av partane i saka. Også andre høve enn dei som er uttrykkeleg nemnd i § 6, vil kunne føre til inhabilitet. Der det er fleire former for tilknyting til saka eller partane, må ein vurdere desse samla. Vurderinga må gjerast i lys av dei omsyn som ligg til grunn for regelen, nemleg å «sikre korrekte avgjørelser, opprettholde tilliten til dem som fatter avgjørelsen og beskytte beslutningstakerne mot at det sås tvil om deres troverdighet», jf. Rt. 1996 s. 64 på s. 68. Korleis relasjonen mellom tenestemannen og den aktuelle parten framstår sett frå utsida, er dermed sentralt for habilitetsvurderinga.
Vidare vil saka si art ha betydning for habilitetsvurderinga. Det skal relativt mykje til før ein politikar eller tenestemann blir inhabil i saker av generell karakter, slik som forslag til lover, fastsetjing av forskrifter eller alminnelege retningsliner. Dersom det er tale om å fatte avgjersler som krev særleg stor bruk av skjønn eller som er av særleg stor betydning for partane, skal det mindre til for at ein relasjon er eigna til å svekke tilliten til tenestemannen sin upartiskheit ved handsaminga av saka. Habilitetsspørsmålet kan difor ikkje avgjerast på generelt grunnlag, men må vurderast konkret i den enkelte saka.
Med desse atterhalda vil vi likevel knytte nokre merknader til relasjonen mellom næringsminister Røe Isaksen og Osvald Bjelland og vurderinga opp mot forvaltningslova § 6 andre ledd. Innleiingsvis kan ein slå fast at Osvald Bjelland si rolle som eigar, dagleg leiar og styreleiar i Xynteo AS inneber at avgjersler som kan føre med seg ein fordel, tap eller ulempe for Xynteo AS, i mange tilfelle også vil kunne vere til fordel, tap, eller ulempe for Bjelland.
Lovavdelinga har tidlegare lagt til grunn at det er berre nære vennskapsforhold som kan medføre inhabilitet etter § 6 andre ledd. Vanleg godt kjennskap fører såleis ikkje til inhabilitet. Her kan det visast til Lovavdelinga sine utsegner i snr. 2008/00112 EO (JDLOV-2008-112) med ytterlegare tilvisingar. I denne saka må vurderinga omfatte både næringsministeren sin direkte tilknyting til Osvald Bjelland, og tilknytinga han har til Bjelland gjennom Thorhild Widvey, sjå våre utsegner i snr. 18/2054.
Kontakten mellom Røe Isaksen og Bjelland avgrensar seg til å gjelde få årlege møter i profesjonelle samanhengar, samt enkelte uformelle samankomstar. Desse møtene har først og fremst kome i stand gjennom partane si felles tilknyting til Thorhild Widvey, og den personlege tilknytinga mellom Røe Isaksen og Bjelland er ikkje nær nok til at den aleine vil kunne føre til inhabilitet.
Når det gjeld relasjonen mellom Røe Isaksen og Thorhild Widvey, synes heller ikkje denne ut frå dei gitte opplysningane å gå utover det som naturleg følgjer av at dei både har og har hatt sentrale posisjonar i Høgre og i same regjering. Eit nært politisk og/eller fagleg samarbeid vil ofte føre til ein viss kontakt utover arbeidssituasjonen, utan at dette vil leie til inhabilitet. Røe Isaksen har i brevet hit opplyst at dei ikkje er vener privat. Dei meir uformelle eller private middagane Røe Isaksen har vore invitert til hjå ekteparet Widvey/Bjelland, har også vore knytt til Røe Isaksen sin profesjonelle rolle som statsråd og politikar. Etter vår vurdering kan ikkje relasjonen mellom Isaksen og Widvey karakteriserast som eit nært vennskap som utgjer eit «særegent forhold… som er egnet til å svekke tilliten» til at Røe Isaksen vil opptre upartisk i saker som gjeld Widvey eller hennar ektefelle. Habilitetsreglane i forvaltningslova vil difor etter vårt syn ikkje på generelt grunnlag vere til hinder for at Røe Isaksen treffer avgjersler i saker der Osvald Bjelland eller hans selskap er part eller har interesser.