Godkjenning av sertifiseringsordninga REDcert
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/432/EU av 24. juli 2012 om fastslåing av at sertifiseringsordninga «REDcert» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF
Commission Implementing Decision 2012/432/EU of 24 July 2012 on recognition of the ‘REDcert’ scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council
EØS-notat | 21.03.2016 | EØS-notatbasen
Sakstrinn
- Faktanotat
- Foreløpig posisjonsnotat
- Posisjonsnotat
- Gjennomføringsnotat
Opprettet 13.08.2015
Spesialutvalg: Miljø
Dato sist behandlet i spesialutvalg: 31.08.2015
Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet
Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg II. Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering
Kapittel i EØS-avtalen: XVII. Miljøvern
Status
Rettsakta har vore i kraft i EU frå 13. august 2012.
Rettsakta vart på EØS-komiteens møte 5. februar 2016 vedteken innlemma i EØS-avtala vedlegg II kap. XVII nr. 6aj gjennom EØS-komitéavgjerd nr. 26/2016, i kraft 6. februar 2016.
Gjennomføring i norsk rett vart gjort ved forskrift 8. februar 2016 nr. 117 om endring i produktforskriften (godkjenning av frivillige sertifiseringsordninger for biodrivstoff), som la til EØS-tilvising i produktforskrifta frå 8. februar 2016. Dette vart notifisert for ESA i brev 25. februar 2016.
Bakgrunn
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.
Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.
Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.
Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2014 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for heile 99,7 % av omsett mengde biodrivstoff.
Samandrag av innhald
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/432/EU inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "REDcert" er godkjend i ein periode på fem år frå 13. august 2012, dvs. til august 2017. Sertifiseringsordninga kan dekkje eit vidt spektrum av biodrivstoff og flytande biobrensel.
Merknader
Rettslege konsekvensar
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.
Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.
Sakkunnige instansar sine merknader
Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte 31. august 2015 med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.
Andre opplysninger
Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13
Nøkkelinformasjon
Institusjon: | Kommisjonen |
Type rettsakt: | Vedtak/beslutning |
KOM-nr.: | |
Rettsaktnr.: | 2012/432/EU |
Basis rettsaktnr.: | 98/70/EF, 2009/28/EF |
Celexnr.: | 32012D0432 |
EFTA-prosessen
Dato mottatt standardskjema: | 02.07.2015 |
Frist returnering standardskjema: | 13.08.2015 |
Dato returnert standardskjema: | 13.08.2015 |
Dato innlemmet i EØS-avtalen: | 06.02.2016 |
Nummer for EØS-komitebeslutning: | 26/2016 |
Tekniske tilpasningstekster: | Nei |
Materielle tilpasningstekster: | Nei |
Art. 103-forbehold: | Nei |
Norsk regelverk
Endring av norsk regelverk: | Nei |
Høringsstart: | |
Høringsfrist: | |
Frist for gjennomføring: | 06.02.2016 |
Dato for faktisk gjennomføring: | 08.02.2016 |
Dato varsling til ESA om gjennomføring: | 25.02.2016 |