Revisjon av EMIR ("EMIR refit")

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/834 av 20. mai 2019 om endring av forordning (EU) nr. 648/2012 med hensyn til clearingplikten, suspensjon av clearingplikten, rapporteringskrav, risikoreduksjonsteknikker for OTC-derivatkontrakter som ikke cleares gjennom en sentral motpart, registrering av og tilsyn med transaksjonsregistre og krav til transaksjonsregistre

Regulation (EU) 2019/834 of the European Parliament and of the Council of 20 May 2019 amending Regulation (EU) No 648/2012 as regards the clearing obligation, the suspension of the clearing obligation, the reporting requirements, the risk-mitigation techniques for OTC derivative contracts not cleared by a central counterparty, the registration and supervision of trade repositories and the requirements for trade repositories

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 12.07.2017

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 24.11.2017

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Forordninga er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for innlemming i EØS-avtala.

Samandrag av innhald

Forordninga innfører endringar i EMIR (European Market Infrastructure Regulation), som er ei forordning om OTC-derivat, sentrale motpartar og transaksjonsregister. Nedanfor omtalast dei viktigaste endringane.

Med endringsforordninga innførast det ein clearingterskel  for finansielle motpartar slik at desse frå no av vil delast inn i motpartar som overskrid clearingterskelen (FC+) og andre finansielle motpartar (FC-), dvs. såkalla små finansielle motpartar. Clearingterskelen er inntil vidare den same som for ikkje-finansielle motpartar, men i motsetning til ikkje-finansielle motpartar vil også derivatkontraktar som objektivt reduserer risiko knytt til den finansielle motpartens næringsverksemd eller finansiering telje med ved utrekninga av terskelverdien.  

Etter gjeldande reglar må ikkje-finansielle motpartar cleare alle sine derivatkontraktar viss dei overstig clearingterskelen i éin klasse av derivatkontraktar. I endringsforordninga endrast dette slik at clearingplikta berre omfattar dei klassene av derivatkontraktar der terskelen er overskriden.

Det er også gjort mindre endringar i definisjonen av ein finansiell motpart i artikkel 2, og nokre nye grupper av føretak er omfatta.

Utrekninga av posisjonar i OTC-derivat som klassifiseringa av motpartar byggjer på, endrast slik at ein motpart no vil omfattast av clearingplikta dersom snittet av den nominelle bruttoverdien av OTC-derivata i slutten av månaden for dei førre 12 månadene overskrid clearingterskelen. Motpartar som overskrid clearingterskelverdien skal melde frå til Finanstilsynet og ESMA. En slik melding skal også bli gjeve dersom utrekningane med 12 månadars intervall viser at terskelverdien ikkje lenger overskridast og at motparten ikkje lenger er omfatta av clearingplikta.

Det er viktig å merke seg at endringsforordninga fastslår at motpartar som ikkje reknar ut storleiken på posisjoner i OTC-derivat også må melde frå til Finanstilsynet og ESMA og at slike motpartar omfattast av clearingplikta. Ikkje-finansielle motpartar som ikkje reknar ut sin posisjon i OTC-derivat blir clearingpliktige i alle OTC-derivataktivaklassane som er omfatta av clearingplikt, mens ein ikkje-finansiell motpart som gjer utrekninga berre vert omfatta av clearingplikt for den aktivaklassen der clearingterskelen overskridast. Ein finansiell motpart som overskrid clearingterskelen i ein av aktivaklassane eller unnlet å rekne ut posisjonen blir clearingpliktig i alle OTC-derivataktivaklassar.

EU-kommisjonen kan suspendere clearingplikta etter anbefaling frå ESMA viss nærmare vilkår er oppfylt, for eksempel dersom ein klasse av derivatkontraktar ikkje lenger er eigna for clearing, eller den finansielle stabiliteten er trua. Endringsforordninga innfører også moglegheiter for at ESMA kan føreslå å samstundes suspendere handelsplikta for den same OTC-derivataktivaklassen som clearingplikta er suspendert for.

Med endringsforordninga innførast det eit krav om at dei nasjonale tilsynsstyresmaktene må varsle ESMA så snart dei mottar opplysingar om at ein sentral motpart planlegg å byrje å cleare ein ny OTC-derivataktivaklasse som er omfatta av den noverande konsesjonen deira.

Endringsforordninga innfører eit krav om at clearingmedlemmer og kundar som tilbyr clearingtenestar til andre, skal yte sine tenestar på eit rettferdig, rimelig og ikkje-diskriminerande vis.

For å redusere ikkje-finansielle motpartar og små finansielle motpartar sin eksponering for valutarisiko innførast det krav til risikohandteringsprosedyrar for valutaforwardkontraktar ("foreign exchange forwards") og valutabytteavtalar ("foreign exchange swaps") som er fysisk oppgjord.

Rapporteringsplikta etter artikkel 9 i EMIR vert endra til å omfatte kontraktar som blei inngått etter 12. februar 2014, eller som er inngått tidlegare, men som var utståande på det tidspunktet. Etter noverande regelverk er skjeringstidspunktet 16. august 2012.

Pensjonsinnretningar har normalt ikkje tilstrekkeleg tilgang til kontantar som kan stillast som trygd ved clearing av derivatkontraktar. Desse innretningane har i en overgangsperiode vore unntatt frå clearingplikta for OTC-derivatkontraktar som vert inngått for å redusere investeringsrisikoen deira. Overgangsordninga vert forlenga med ytterlegare tre år.

Endringsforordninga inneber òg at sentrale motpartar skal gje sine clearingmedlemmer eit verktøy for å rekne ut kor stor ytterelegare startmargin som må stillast ved clearing av ein ny transaksjon. Clearingmedlemmene skal informerast om dei modellane den sentrale motparten nytter for å rekne ut startmarginen.

I endringsforordninga vert det tatt høgde for at transaksjonsregister også kan ha tillatingar etter forordning (EU) nr. 2015/2365 (SFTR) og at dei kan søke om ein utviding av denne tillatinga til òg å omfatte registreringer av transaksjoner under EMIR.

Endringsforordninga innfører òg krav om at nasjonal insolvenslovgjeving ikkje skal hindre sentrale motpartar i å kunne overføre klientposisjoner eller å betale overskotet frå ein likvidering direkte til kundar i tilfellet av insolvens hos eit Clearingmedlem når det gjelder midlar som er heldt i fellesskap og på individuelt avgrensa klientkontoar.

Maksimumsnivået for bøter aukast frå høvesvis EUR 10 000 og EUR 20 000 til EUR 100 000 og EUR 200 000.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Når forordninga er tatt inn i EØS-avtalen, vil den gjennomførast i norsk rett ved inkorporering i lov om verdipapirhandel. Inkorporering betyr at det i lov eller forskrift vert tatt inn ei føresegn om at EU/EØS-forordninga gjeld som norsk lov eller forskrift.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga vil minke byrdene for både finansielle og ikkje-finansielle derivatmotpartar.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdera av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der vedkomne departement er representert. Spesialutvalet kom til at rettsakta er EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Forordninga vert rekna som EØS-relevant og er akseptabel.

Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13

Andre opplysninger

Finanstilsynet vil ikkje handheve regler som allereie er endra i EU, for eksempel når det gjelder definisjonar, kva for tidsfristar som skal gjelde for innføring av nye plikter, og kva for opplysningar som skal rapporterast til transaksjonsregister. Det forven­tast at føretak under tilsyn og andre relevante aktørar i utgangspunktet held seg til regel­verket slik det til ein kvar tid gjeld i EU. Sjå Finanstilsynets rundskriv 6/2017 og nyhetssak 17. juni 2019.

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Parlament og Råd
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.: KOM(2017)0208
Rettsaktnr.: 2019/834
Basis rettsaktnr.: 648/2012
Celexnr.: 32019R0834

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 03.06.2019
Frist returnering standardskjema: 23.09.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Ja

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker