Endring av utfyllande føresegner til EMIR når det gjeld tilgang til opplysningane i transaksjonsregister

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/361 av 13. desember 2018 om endring av delegert forordning (EU) nr. 151/2013 med omsyn til tilgang til opplysningane i transaksjonsregister

Commission Delegated Regulation (EU) 2019/361 of 13 December 2018 amending Delegated Regulation (EU) No 151/2013 with regard to access to the data held in trade repositories

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er innlemma i EØS-avtalen og har trådd i kraft i Norge..

Samandrag av innhald

Forordninga endrer lista over einingar som skal ha tilgang til opplysningar frå transaksjonsregister i delegert forordning (EU) nr. 151/2013, for at lista skal vere i samsvar med endringane som er gjort i tilsvarande liste i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 648/2012 (EMIR). Endringane i regelverka føl av innføringen av forordning om gjennomsiktighet ved verdipapirfinansieringstransaksjoner – europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 (SFTR). Føremålet med forordninga er å hindre at transaksjonsregister kontinuerleg må sjekke under kva for mandat eininga søker og for kva behov eininga søker tilgang. Forordninga innfører difor ein enkel adgangsnøkkel for kvar eining som dekker den enkelte eininga sine ansvarsområder.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskrifta. Dette inneber at det i forskrifta er tatt inn ei føresegn om at forordninga gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga har inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/361
Basis rettsaktnr.: (EU) nr. 648/2012
Celexnr.: 32019R0361

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 22.03.2019
Frist returnering standardskjema: 03.05.2019
Dato returnert standardskjema: 31.12.2019
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 10.12.2021
Nummer for EØS-komitebeslutning: 387/2021
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 01.08.2024
Dato varsling til ESA om gjennomføring:

Lenker