Utfyllande føresegner til SFTR som fastset tekniske gjennomføringsstandardar med omsyn til formatet på søknadar om registrering og forlengingar av registreringa av transaksjonsregister

Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2019/364 av 13. desember 2018 om fastsetjing av tekniske gjennomføringsstandardar med omsyn til formatet på søknadar om registrering og forlengingar av registreringa av transaksjonsregister i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365

Commission Implementing Regulation (EU) 2019/364 of 13 December 2018 laying down implementing technical standards with regard to the format of applications for registration and extension of registration of trade repositories in accordance with Regulation (EU) 2015/2365 of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.04.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er innlemma i EØS-avtalen og har tredd i kraft i Norge.

Samandrag av innhald

Forordninga er utfyllande reglar fra Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365. Føremålet med forordninga er å innføre eit felles format for søkandar om registrering og forlenging av registrering som transaksjonsregister til Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA). Med dette skal det sørgjast for at informasjonen som krevst etter delegert forordning (EU) 2019/359 er sendt inn til og lett identifiserbar for ESMA.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskrifta. Dette inneber at det i forskrifta er tatt inn ei føresegn om at forordninga gjeld som norsk rett.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/364
Basis rettsaktnr.: (EU) 2015/2365
Celexnr.: 32019R0364

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 04.04.2019
Frist returnering standardskjema: 23.07.2019
Dato returnert standardskjema: 31.12.2019
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 10.12.2021
Nummer for EØS-komitebeslutning: 386/2021
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 01.08.2024
Dato varsling til ESA om gjennomføring:

Lenker