Godkjenning av sertifiseringsordninga KZR INiG System

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1984 av 13. desember 2018 om fastslåing av at «KZR INiG System» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF

Commission Implementing Decision (EU) 2018/1984 of 13 December 2018 on recognition of the ‘KZR INiG System’ for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 29.01.2019

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 30.01.2019

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg II. Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering

Kapittel i EØS-avtalen: XVII. Miljøvern

Status

Rettsakta har vore i kraft i EU frå 3. januar 2019.

Samandrag av innhald

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1984  inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "KZR INiG System" er godkjend i ein periode på fem år frå 3. januar 2019 til 3. januar 2024. Sertifiseringsordninga dekkjer råmateriale kultivert og hausta i EU, og dessutan avfall og restar frå EU. Ordninga dekkjer heile leverandørkjeda, frå produksjon av råmateriale til distribusjon av biodrivstoff.

Merknadar
Rettslige konsekvensar

Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknadar

Rettsakta er behandla etter hurtigprosedyra. Notatet er ikkje forelagt spesialutvalg for miljø for behandling fordi eventuelle endringar i norsk regelverk er ansett som minimale, og det er derfor ikkje ansett som nødvendig å førelegge spesialutvalet for klarering.

Vurdering

Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2018/1984
Basis rettsaktnr.:
Celexnr.: 32018D1984

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 10.01.2019
Frist returnering standardskjema: 20.02.2019
Dato returnert standardskjema: 30.01.2019
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Nei
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring: