Utfyllande reglar til MiFIR – Likeverdsavgjerd om dei rettslege og tilsynsmessige rammene for børsar og marknadsoperatørar i Singapore

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/541 av 1. april 2019 om likeverdigheten av de rettslige og tilsynsmessige rammene som gjelder for godkjente børser og anerkjente markedsoperatører i Singapore i henhold til europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 600/2014 (meddelt under nummer C(2019) 2349)

Commission Implementing Decision (EU) 2019/541 of 1 April 2019 on the equivalence of the legal and supervisory framework applicable to approved exchanges and recognised market operators in Singapore in accordance with Regulation (EU) No 600/2014 of the European Parliament and of the Council

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 31.05.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er gjennomført ved forskrift om endring i forskrift om likeverdsvurderingar etter verdipapirmarkedsdirektivet og -forordningen.

Samandrag av innhald

Vedtaket er eit likeverdsvedtak for det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for børsar og marknadsoperatørar i Singapore frå Europakommisjonen når det gjeld Råds- og Parlamentsforordning (EU) nr. 600/2014. Føremålet med vedtaket er å oppmode til at det utviklast ei tilstrekkeleg mengd godkjende handelsplassar slik at handelsplikta for OTC-derivat enklare kan fullbyrdast. Ved at fleire handelsplassar reknast som likeverdige etter MiFIR art. 28 vil det vere fleire tilgjengelege handelsplassar kor verdipapirføretak kan handle OTC-derivat som er underlagt handelsplikt.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Gjennomføring av likeverdsavgjerda i norsk rett vil eventuelt gjerast i forskrift med heimel i verdipapirhandellova.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabel.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 2019/541
Basis rettsaktnr.: 600/2014
Celexnr.: 32019D0541

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 04.04.2019
Frist returnering standardskjema: 25.07.2019
Dato returnert standardskjema: 13.08.2019
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 23.10.2020
Nummer for EØS-komitebeslutning: 160/2020
Tekniske tilpasningstekster: Ja
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 16.03.2021
Dato varsling til ESA om gjennomføring: