Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Japan
Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/1283 av 29. juli 2019 om anerkjennelse av Japans rettslige og tilsynsmessige rammer som likeverdige med kravene i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009 om kredittvurderingsbyråer
Commission Implementing Decision (EU) 2019/1283 of 29 July 2019 on the recognition of the legal and supervisory framework of Japan as equivalent to the requirements of Regulation (EC) No 1060/2009 of the European Parliament and of the Council on credit rating agencies
EØS-notat | 28.04.2020 | EØS-notatbasen
Sakstrinn
- Faktanotat
- Foreløpig posisjonsnotat
- Posisjonsnotat
- Gjennomføringsnotat
Opprettet 07.11.2019
Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester
Dato sist behandlet i spesialutvalg: 18.11.2019
Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet
Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester
Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer
Status
Reglane er trådd i kraft i EU og er innlemma i EØS-avtalen. Reglane trådde i kraft i Noreg den 01.01.2020 gjennom forskrift om likeverdighetsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket.
Samandrag av innhald
Vedtaket er ei vidareføring av likeverdsvurderinga i Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2010/578/EU som avgjorde at det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for kredittvurderingsbyrå i Japan var samsvarande med krava som stillast i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009. Etter at forordning (EF) nr. 1060/2009 vart vedteken har det også vore innførd tilleggskrav i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 462/2013. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1283 gjer det klart at Japan også oppfyller dei nye krava i forordning (EU) nr. 462/2013.
Føremålet med denne likeverdsvurderinga er å gjere det mogleg for japanske kredittvurderingsbyrå som ikkje er systemviktige å søkje om sertifisering hjå Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA).
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2010/578/EU vert samstundes oppheva, då den ikkje fyller ei sjølvstendig rolle ut over det som også stadfestast i kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1283.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Vedtaket er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift om likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråforordningen.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der dei departementa som rettsakta er relevant for er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabelt.
Andre opplysninger
Nøkkelinformasjon
Institusjon: | Kommisjonen |
Type rettsakt: | Vedtak/beslutning |
KOM-nr.: | |
Rettsaktnr.: | (EU) 2019/1283 |
Basis rettsaktnr.: | (EF) nr. 1060/2009 |
Celexnr.: | 32019D1283 |
EFTA-prosessen
Dato mottatt standardskjema: | 01.10.2019 |
Frist returnering standardskjema: | 01.10.2019 |
Dato returnert standardskjema: | 01.01.2020 |
Dato innlemmet i EØS-avtalen: | 13.12.2019 |
Nummer for EØS-komitebeslutning: | 310/2019 |
Tekniske tilpasningstekster: | Nei |
Materielle tilpasningstekster: | Nei |
Art. 103-forbehold: | Nei |
Norsk regelverk
Endring av norsk regelverk: | Ja |
Høringsstart: | |
Høringsfrist: | |
Frist for gjennomføring: | |
Dato for faktisk gjennomføring: | 01.01.2020 |
Dato varsling til ESA om gjennomføring: |