Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Mexico

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/1280 av 29. juli 2019 om anerkjennelse av Mexicos rettslige og tilsynsmessige rammer som likeverdige med kravene i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009 om kredittvurderingsbyråer

Commission Implementing Decision (EU) 2019/1280 of 29 July 2019 on the recognition of the legal and supervisory framework of Mexico as equivalent to the requirements of Regulation (EC) No 1060/2009 of the European Parliament and of the Council on credit rating agencies

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 07.11.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 18.11.2019

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane er trådd i kraft i EU og er innlemma i EØS-avtalen. Reglane trådde i kraft i Noreg den 01.01.2020 gjennom forskrift om likeverdighetsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket.

Samandrag av innhald

Vedtaket er ei vidareføring av likeverdsvurderinga i kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2014/247/EU som avgjorde at det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for kredittvurderingsbyrå i Mexico var samsvarande med krava som stillast i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009. Etter at forordning (EF) nr. 1060/2009 vart vedteken har det også vore innførd tilleggskrav i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 462/2013. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1280 gjer det klart at Mexico også oppfyller dei nye krava i forordning (EU) nr. 462/2013.

Føremålet med denne likeverdsvurderinga er å gjere det mogleg for meksikanske kredittvurderingsbyrå som ikkje er systemviktige å søkje om sertifisering hjå Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA).

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2014/247/EU vert samstundes oppheva, då den ikkje fyller ei sjølvstendig rolle ut over det som også stadfestast i kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1280.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Vedtaket er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift om likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråforordningen. 

Økonomiske og administrative konsekvensar

Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der dei departementa som rettsakta er relevant for er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabelt.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/1280
Basis rettsaktnr.: (EF) nr. 1060/2009
Celexnr.: 32019D1280

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 01.08.2019
Frist returnering standardskjema: 01.08.2019
Dato returnert standardskjema: 01.01.2020
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 13.12.2019
Nummer for EØS-komitebeslutning: 310/2019
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring: 01.01.2020
Dato varsling til ESA om gjennomføring: