Eksport av avfall til gjenvinning i land utanfor OECD - endringar

Kommisjonsforordning (EU) 2021/1840 av 20. oktober 2021 som endrar forordning (EF) nr. 1814/2007 om eksport for gjenvinning av visse kategoriar avfall lista i vedlegg III eller IIIA til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1013/2006 av grensekryssande transport av avfall ikkje gjeld for

Commission Regulation (EU) 2021/1840 of 20 October 2021 amending Regulation (EC) No 1418/2007 concerning the export for recovery of certain waste listed in Annex III or IIIA to Regulation (EC) No 1013/2006 of the European Parliament and of the Council to certain countries to which the OECD Decision on the control of transboundary movements of wastes does not apply

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 09.12.2021

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 02.09.2022

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XX. Miljø

Kapittel i EØS-avtalen: V. Avfall

Status

Rettsakten er vedteken i EU og under vurdering i EFTA/EØS.

Rettsakten er vedteken i EU 20. oktober 2021 og er innlemma i EØS-avtalen ved EØS-komiteens avgjerd nr. 350/2022 av 9. desember 2022. Rettsakten er gjennomførd i norsk rett i avfallsforskrifta kapittel 13 om grensekryssande sendingar av avfall.

Sammendrag av innhold

EU-kommisjonen vedtok 20. oktober 2021 endring av forordning (EF) nr. 1418/2007 om eksport av avfall til gjenvinning i land utanfor OECD. Forordning (EF) nr. 1418/2007 var Kommisjonen si første liste over kva dei ulike landa utanfor OECD kunne og ikkje kunne ta imot til gjenvinning. Forordning (EU) 2021/1840 er ei oppdatering av denne lista.

Det overordna målet med rettsakten er å gi ei oppdatert liste over land utanfor OECD sin policy på import av avfallsfraksjonar. Forordninga informerer om kva desse landa aksepterer av avfallsfraksjonar, om det er forbode, meldepliktig eller kan gå som grønlista avfall/uregulert.

Merknader
Rettslige konsekvenser

Forordning (EF) nr. 1418/2007 og seinare endringsforordningar er gjennomført i avfallsforskrifta kapittel 13 om grensekryssande sendingar av avfall. Det var naudsynt å endre avfallsforskrifta kapittel 13 § 13-1. 

Økonomiske og administrative konsekvenser

Rettsakten har ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader

Rettsakten vart behandla i spesialutvalet for miljø ved skriftleg prosedyre 2. september 2022. Spesialutvalet fann rettsakten EØS-relevant og akseptabel.

Forslag om å endre avfallsforskrifta kapittel 13 har vore på høyring. Det kom ingen innspel.

Vurdering

Rettsakten er vurdert som EØS-relevant og akseptabel. Rettsakten endrar forordning (EF) nr. 1418/2007 som er innlemma i EØS-avtalen.

Kommisjonsforordning (EF)  nr. 1418/2007 og tilhøyrande endringsrettsakter gjeld eksport av avfall til tredjestatar. Da forordninga vart innlemma i EØS-avtalen blei det vedlagt ei erklæring til EØS-komiteens avgjerd som seier at «Innlemmingen av disse rettsaktene berører ikke virkeområdet for EØS-avtalen». Seinare endringsrettsakter har vore vurderte som relevante og akseptable for innlemming i EØS-avtalen.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.: KOM(2021)7421
Rettsaktnr.: 2021/1840
Basis rettsaktnr.: 1013/2006
Celexnr.: 32021R1840

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 29.10.2021
Frist returnering standardskjema: 18.02.2022
Dato returnert standardskjema: 08.09.2022
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 09.12.2022
Nummer for EØS-komitebeslutning: 350/2022
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart: 10.10.2022
Høringsfrist: 21.11.2022
Frist for gjennomføring:
Dato for faktisk gjennomføring:
Dato varsling til ESA om gjennomføring:

Lenker