PM-2025-2 Statlege verksemder kan søkje om midlar til kompetanseutviklingstiltak for tariffperioden 2024-2026
Dato: 15.01.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Statlege verksemder kan søkje om kompetansemidlar avsett i hovudtariffavtalane.
Til: Statsforvaltninga og Riksrevisjonen
Gjeld: Statens personalhandbok punkt 11.3.2
Det er avsett inntil 26 millionar kroner i hovudtariffavtalane i staten (HTA punkt 5.3.2) til satsing på kompetanse for å utvikle og effektivisere staten, fremje eit godt samarbeid mellom leiinga og medarbeidarane, og mellom partane i verksemda, slik at verksemdene kan tilby attraktive arbeidsplassar.
Statlege verksemder kan søkje om midlar til kompetanseutviklingstiltak. Søknaden må førebuast i samråd med dei tillitsvalde, i samsvar med reglane i hovudavtalen. Tillitsvalde skal inkluderast i arbeidet med å førebu ein søknad og givast høve til å delta i prosjektet/tiltaket. Tillitsvalde blir også oppmoda til å ta initiativ til prosjekt, men verksemda må stå som avsendar for søknaden.
Tiltak som kan få støtte:
- Kompetanseutvikling som bidrar til lokale miljøretta tiltak som vil kunne gi auka berekraft for statlege verksemder.
Til dømes bistand til at verksemda kan utvikle kompetanse til å oppfylle FNs berekraftsmål, der dette er ein relevant del av oppgåveløysinga. - Forsøk med alternative arbeidsformer.
Til dømes prosjekt som tek for seg heimekontor, rammevilkår og ulike aspekt som organisering av arbeid, arbeidsmiljø og fjernleiing. - Utvikle digital kompetanse og grunnleggjande kompetanse om kunstig intelligens
Til dømes
-
- kompetanseutvikling for å lære meir om nye digitale verktøy slik at partane lokalt får felles kunnskap og kan utøve medråderett og tilrettelegging på ein god måte ved til dømes innføring av bruk av kunstig intelligens i verksemda,
- auka kunnskap om kunstig intelligens, og korleis dette kan brukast, for å utføre noverande og framtidige arbeidsoppgåver på ein god måte.
- Livsfaseorienterte prosjekt.
Til dømes- Seinkarriereprosjekt,
- prosjekt for å utvikle og behalde kompetansen til medarbeidarane.
- Felles prosjekt knytte til eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv i staten
Til dømes tiltak for å førebyggje sjukefråvær og fråfall og fremje inkludering. Tiltak for å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og unge menneske som har utfordringar med å komme seg i arbeid. - Tiltak for fleire lærlingar i staten.
Til dømes tiltak for å leggje til rette for lærlingar i verksemda. - Prosjekt som ivaretar medråderetten hos tillitsvalde og medarbeidarar i organisasjonsutvikling, omstilling og endring.
Til dømes kompetansetiltak for ulike grupper tilsette i samband med omstilling og endringar. - Fellesopplæring i partssamarbeid og medråderett.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar i hovudavtalen. - Fellesopplæring i hovudtariffavtalane.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar om aktuelle tema i hovudtariffavtalane i staten. - Fellesopplæring om aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar om korleis kartleggje likelønn i verksemda, eller korleis følgje opp aktivitets- og utgreiingsplikta generelt. - Andre kompetanseutviklingstiltak som bidrar til å nå målsetjinga med ordninga.
Verksemder kan søkje om midlar sjølv om dei har fått tildelt midlar tidlegare.
Verksemder som får kompetansemidlar skal kunne dele erfaringar frå kompetanseutviklingstiltaket for å oppnå kunnskapsdeling på tvers av statlege verksemder.
Søknadsfrist: 14. mars 2025
Finn informasjon om krav til søknader og retningslinjer for ordninga på Statens arbeidsgivarportal.
Etter fullmakt
Gisle Norheim
statens personaldirektør
Helene Marie Lassen
avdelingsdirektør
Eventuelle spørsmål kan rettast til Statens arbeidsgivarportal