Dagpengar
Artikkel | Sist oppdatert: 17.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Dagpengar under arbeidsløyse gir delvis dekning av tapt arbeidsinntekt som følgje av arbeidsløyse.
Dagpengane har eit todelt føremål: Dei skal mellombels sikre inntekt til personar som har mista jobben, men skal samstundes vere innretta slik at dei motiverer til aktiv arbeidssøking.
På den måten er dagpengane ikkje berre ei av folketrygda sine inntektssikringsordningar, men òg eit arbeidsmarknadspolitisk verkemiddel.
Kven har rett på dagpengar?
Dagpengar kan gjevast til medlemmar i folketrygda som har fått redusert arbeidstida si med minst 50 prosent som følgje av arbeidsløyse, og som har fått redusert arbeidsinntekt på grunn av dette. I tillegg er det krav om at medlemmane har hatt ei inntekt på minst 1,5 G dei siste tolv månadene før søknaden, eller på minst 3 G i løpet av dei siste 36 månadene. Arbeidslause kan få dagpengar i inntil 52 veker dersom deira tidlegare inntekt var under 2 G, og elles i inntil 104 veker. For å ha rett til dagpengar, er det blant anna krav om å vere reell arbeidssøkjar, det vil seie at ein aktivt må søkje arbeid og i utgangspunktet vere villig og i stand til å ta eitkvart arbeid, kvar som helst i landet.
Kor mykje dagpengar kan ein få?
Dagpengane utgjer om lag 62,4 prosent av den tidlegare inntekta. Dagpengar blir rekna ut på grunnlag av inntekta i dei siste tolv avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet, eventuelt gjennomsnittet av dei siste 36 avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet dersom det gjev ein høgare dagpengesats.
Permitterte kan òg ha rett til dagpengar
Permittering inneber at arbeidstakaren mellombels blir løyst frå arbeidsplikta si, samstundes som bedrifta mellombels blir løyst frå lønnsplikta si i eit nærare angitt tidsrom, men arbeidsforholdet består. For å kunne få dagpengar under permittering må permitteringa skuldast mangel på arbeid eller andre forhold som arbeidsgjevaren ikkje kan påverke. I tillegg må dei generelle vilkåra for rett til dagpengar vere oppfylte.
Lovverk
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for følgjande lovar og forskrifter knytt til dagpengar under arbeidsløyse: