Den norske arbeidsmarknaden
Artikkel | Sist oppdatert: 16.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidsmarknaden omfatter alle som tilbyr og etterspør arbeidskraft. Arbeids-marknaden kan delast inn etter ulike typer arbeidskraft, som til dømes ufaglært, faglært, høgare utdanning, kjønn, alder, geografisk område og så vidare. Eit høgt tilbod av arbeidskraft gjer at verksemdene får dekka behovet sitt for arbeidskraft. Ein god og velfungerande arbeidsmarknad blir kjennetekna av høg sysselsetting og låg arbeidsløyse.
Stor «trafikk» og mange omstillingar
Arbeidsmarknaden er heile tida i endring. Bedrifter blir etablert og bedrifter blir lagt ned. Mange personar går inn i arbeidsmarknaden og mange går ut. Til dømes går unge frå utdanning til jobb mens og eldre blir pensjonistar og går ut av jobb. I tillegg kan personar forlate arbeidsmarknaden på grunn av helsplagar og bli urøføretrygda. Og mange bytter stilling eller jobb. Eit høgt tempo på omstillingar er nødvendig for at arbeidskrafta skal bli utnytta på ein effektiv måte. Arbeidskrafta må finne vegen til dei områda i samfunnet der ho gir høgast avkastning og nytte.
Korleis kan arbeidsmarknadspolitikken påverka arbeidsmarknaden?
Arbeidsmarknadspolitikken bidrar både til å auke tilbodet av arbeidskraft i samfunnet, og til at omstillingane kan skje effektivt.
Kvifor er høg sysselsetting viktig?
Høg sysselsetting er ein nødvendig føresetnad for høg materiell verdiskaping. Høg sysselsetting og høg verdiskaping er òg viktig for å kunne tilby gode trygder blant anna til dei som ikkje deltar i arbeidslivet. Ein jobb å gå til, ei inntekt og eit arbeidsmiljø å være inkludert i, er viktig for den enkelte. Høg sysselsetting betyr at færre står utanfor arbeidsmarknaden og at færre er arbeidsledige. Høg sysselsetting er vidare det viktigaste grepet for å redusere fattigdom, sosial ulikskap, og ulikskap mellom kvinner og menn.
Kva med dei som ikkje er i jobb?
Sjølv om Noreg har høg sysselsetting, er det nokre som ikkje kan jobbe, til dømes på grunn av sjukdom. Det er også nokre som ikkje er i jobb i ein kortare periode mens dei er jobbsøkarar eller i utdanning. Vi har trygdeordningar, som etter gitte kriterium, gir økonomisk hjelp og tryggleik til dei som varig eller mellombels ikkje kan jobbe:
- Uføretrygd kan gis til dei som varig ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom.
- Arbeidsavklaringspengar kan gis til dei som midlertidig ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom.
- Dagpengar kan gis til dei som er arbeidsledige.
Høg sysselsetting og utvikla og gode trygdar bidreg til at det er få som lever i ekstrem fattigdom i Noreg.
I Noreg er det to hovudmåtar å måle arbeidsløysa på. Begge målast kvar månad:.
- NAV publiserer ledighetstal som dekker personar som er registrerte som arbeidssøkarar hos arbeids- og velferdsetaten. Rundt halvparten av dei som er registrerte arbeidsledige oppfyller kriteriene som er nødvendige for å motta dagpengar.
- Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer tal for alle arbeidsledige, også dei som ikkje registrerer seg hos NAV. Desse tala er baserte på ei spørjeundersøking.