Arbeidsmarknadspolitikken – korleis få fleire i jobb
Artikkel | Sist oppdatert: 16.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidsmarknadspolitikken skal gi god tilgang på arbeidskraft, redusere og førebygge arbeidsløyse, motverke avgang frå arbeidslivet og hindre at personar blir ståande varig utanfor. Inntektssikring til personar som midlertidig er utan arbeidsinntekt er ein del av arbeidsmarknadspolitikken.
Arbeidsmarknadspolitikken skal bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta. Det inneber at arbeidsgivarar får tak i den arbeidskrafta dei treng og at arbeidsgivarar og arbeidstakarar raskt kan finne kvarandre. Offentleg tilgjengeleg informasjon om ledige stillingar skal bidra til det. Arbeidsplassen.no er Arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV) si nettside for ledige stillingar.
Dei fleste i Noreg kjem i jobb på eiga hand. Likevel er det mange som har utfordringar med å få innpass i arbeidsmarknaden. Lite arbeidserfaring, svake norskferdigheiter , helseproblem og låg formell kompetanse kan gjere det vanskeleg å få jobb. Eit viktig mål i arbeidsmarkandspolitikken er derfor å inkludere utsette grupper i arbeidsmarknaden og styrke moglegheitene deira til å få eller behalde arbeid. Arbeidsmarknadspolitikken skal også motverke utstøyting og diskriminering, og sikre eit tilrettelagt arbeidstilbod for personar som treng det.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det overordna ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, og arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) gjennomfører han.
Korleis kan myndigheitene få fleire i jobb?
Det er Nav-kontora som tilbyr arbeidsretta tenester og tiltak for å få folk i jobb. Nav-kontoret kan også tilby arbeidsgivarar bistand til å rekruttere nye tilsette.
Alle som vender seg til eit Nav-kontor, og som ønsker eller treng bistand for å behalde eller få en jobb, har rett til å få vurdert sitt bistandsbehov. Nav-kontoret kan tilby arbeidsretta tenester som rettleiing og hjelp til å søke jobb. Dersom det er behov for meir bistand, kan Nav-kontoret tilby ulike arbeidsmarknadstiltak.
Hovudmålet med arbeidsmarknadstiltaka er å styrke moglegheita til den enkelte til å få eller behalde arbeid. Tiltaka kan også avklare arbeidsevna til den enkelte. Les meir om arbeidsmarknadstiltaka og bistand frå Nav for å komme i jobb på Nav sine sider.