Arbeidstid og ferie
Artikkel | Sist oppdatert: 14.01.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidstid er den tida du jobbar for arbeidsgjevaren din.
Regulering av arbeidstid
Arbeidsmiljølova kapittel 10 har reglar om arbeidstid. Dersom du har ei leiarstilling eller ein svært sjølvstendig jobb, gjeld ikkje alle desse reglane for deg. Arbeidstida kan også være regulert gjennom forskrifter, tariffavtalar og arbeidskontraktar.
Vanleg arbeidstid
Arbeidsmiljølova seier at vanleg arbeidstid er maks ni timar per dag og 40 timar per veke. Mange stadar har avtalt 37,5 timar per veke. Det finst spesielle reglar for skift- og turnusarbeid.
Gjennomsnittsberekning av arbeidstid
Nokre gonger kan du jobbe meir enn 40 timar i ei veke, men då må du jobbe tilsvarande mindre i andre veker.
Gjennomsnittsberekning av arbeidstid
Nokre gonger kan du jobbe meir enn 40 timar i ei veke, men då må du jobbe tilsvarande mindre i andre veker.
Overtid
Arbeidsgivar kan be deg jobbe overtid dersom det er eit spesielt behov. For overtid skal du få minst 40 prosent ekstra betalt. Mange stadar har eigne avtalar om overtidsbetaling.
Ferie
Alle har rett til minst 25 virkedagar ferie kvart år. Sidan laurdag blir rekna som virkedag, betyr det at du har rett til fire veke og ein dag ferie kvart år.
Les meir:
- Tvisteløsningsnemnda behandlar visse typar tvistar om arbeidstid
- Statens arbeidsmiljøinstitutt har forskingsprosjekter om arbeidstid