Sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Norsk arbeidsliv er kjent for orden og gode arbeidsforhold. Likevel er sosial dumping og arbeidslivskriminalitet eit problem i nokre delar av arbeidslivet. Verksemder som systematisk bryt lover og reglar undergrev arbeidslivet. Dette har alvorlege konsekvensar både for arbeidstakarar og for bransjar som blir råka.

Illustrasjonsbilde, mann som går på arbeidsplass.
Foto: Plainpicture/ NTB

Med sosial dumping meiner vi at utanlandske arbeidstakarar som jobbar i Noreg får mykje dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn norske arbeidstakarar. Reglar om helse, miljø og tryggleik gjeld for alle som jobbar i Noreg og arbeidsmiljølova gjeld også for utanlandske arbeidstakarar. I nokre næringar er lønns- og arbeidsvilkår i tariffavtalane gjort gjeldande for alle. Det betyr at alle som jobbar i næringa har krav på desse vilkåra.

Arbeidslivskriminalitet omfattar ulike handlingar som bryt med norske lover om lønns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter. Desse lovbrota er ofte organiserte og utnyttar arbeidstakarar eller skaper urettferdig konkurranse og undergrev samfunnsstrukturen.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for å førebyggje og bekjempe sosial dumping og kriminalitet i arbeidslivet.

Aktørar

Arbeidstilsynet og Havindustritilsynet er viktige aktørar i kampen mot sosial dumping. 
Dei fører tilsyn med at HMS-krava blir følgde, og at vilkåra for arbeidsløyve etter utlendingslova blir oppfylte. Dei sjekkar også at arbeidstakarane får lønn og andre vilkår etter allmenngjeringsforskriftene.

Det trengst samarbeid mellom fleire offentlege myndigheiter for å førebyggje og bekjempe arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Difor er det etablert eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet.

Utviklingstrekk

Erfaringar viser at utsette grupper ofte har ulovlege og dårlege arbeidsforhold. Tal frå Arbeidstilsynet viser at utanlandske arbeidstakarar skadar seg meir på jobb enn andre. Dette kjem av at dei ofte har farlegare jobbar, jobbar meir, har meir skiftarbeid og jobbar meir overtid. Språkproblem gjer også at sikkerheitskommunikasjon og opplæring blir dårlegare. Arbeidstilsynet jobbar med tilsyn, informasjon, rettleiing og samarbeid for å sikre gode arbeidsvilkår for alle.

Treparts bransjeprogram

Treparts bransjeprogram er eit tiltak for å sikre gode arbeidsforhold i bransjar med utfordringar. Programma gir ei ramme for samarbeid mellom partane og myndigheitene, og målet er å utvikle og gjennomføre tiltak saman.

Arbeidstilsynet har ei viktig rolle i desse programma og leiar arbeidet på vegne av myndigheitene. I bransjeprogramma for bil og transport deltar også Statens vegvesen. Det blir halde jamlege møter mellom politisk leiing og bransjeprogramma for å diskutere tiltak som treng politisk oppfølging.

Bransjeprogram i fire bransjar

Reinhald:

Starta i 2012. Deltakarar: Norsk Arbeidsmandsforbund (LO), Parat (YS), Negotia (YS), NHO Service og Handel, Virke, Spekter, KS og Arbeidstilsynet. Tiltak: Godkjenningsordning med HMS-kort, regionale verneombod, kartleggingar og informasjonstiltak.

Uteliv:

Starta i 2013. Deltakarar: Fellesforbundet (LO), Parat (YS), NHO Reiseliv, Virke, KS, Oslo kommune og Arbeidstilsynet. Tiltak: Kartleggingar, informasjon til nye arbeidstakarar og arbeidsgivarar, tiltak mot seksuell trakassering.

Transport:

Starta i 2013. Deltakarar: Fellesforbundet (LO), Fagforbundet (LO), Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (LO), Yrkestrafikkforbundet (YS), Norges Lastebileier-Forbund, NHO Transport, NHO Logistikk og Transport, NHO Reiseliv, Virke, Spekter, Arbeidstilsynet og Statens vegvesen. Tiltak: Kartleggingar, informasjon til oppdragsgivarar og bestillarar, rettleiing til utanlandske aktørar.

Bil:

Starta i 2018. Deltakarar: Fellesforbundet (LO), Norges Bilbransjeforbund (NHO), Virke, Spekter, Arbeidstilsynet og Statens vegvesen. Tiltak: Godkjenningsordning for bilverkstader, bilpleie, dekklagring og dekkskift, kartleggingar og informasjon.

I tillegg til desse programma finst det sju bransjeprogram for å betre arbeidsmiljøet og førebyggje sjukefråvær og fråfall.