Trepartssamarbeid på arbeidslivsområdet
Artikkel | Sist oppdatert: 03.05.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa samarbeider med partane i arbeidslivet for å løyse ei rekkje samfunnsutfordringar. Det er dei fire største arbeidstakarorganisasjonane (LO, YS, Unio og Akademikerne) og dei fire største arbeidsgjevarorganisasjonane (NHO, KS, Virke og Spekter) som deltar i det organiserte trepartssamarbeidet med regjeringa.
Organisasjonane og styresmaktene samarbeider konstruktivt på mange område. Partane tar initiativ til å setje politiske saker på agendaen, dei har rådgjevande funksjonar både på arbeidsrettsområdet og i meir generelle økonomiske og samfunnspolitiske saker. Dei er også høyringsinstansar ved utforming av nytt regelverk for arbeidslivet. Det er sentralt at alle partar kjem til orde og får lagt fram sitt syn. Trepartssamarbeidet har vore institusjonalisert sidan 1960-åra, då regjeringa sitt kontaktutval med organisasjonane i arbeidslivet blei etablert. Kontaktutvalet blir leia av statsministeren. Her blir mellom anna den økonomiske situasjonen i landet drøfta, og det inntektspolitiske samarbeidet er også forankra her. Eit anna sentralt trepartsorgan i dette samarbeidet er det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU).
Det er ei rekkje samarbeidsarenaer mellom regjeringa og partane i arbeidslivet. På arbeidslivsområdet er særleg Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd ein sentral arena.
Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd
I 2003 blei arbeidslivspolitisk råd oppretta. Dette rådet heiter frå 2009 arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd og blir leia av arbeids- og inkluderingsministeren. Her møtest styresmaktene og hovudorganisasjonane i arbeidslivet for å diskutere aktuelle spørsmål. I tillegg til hovudorganisasjonane møter også staten som arbeidsgjevar ved Kommunal- ogdistriktsdepartementet. Føremålet er å ha eit forum der regjeringa og partane kan ta opp viktige problemstillingar og drøfte moglege løysingar. Også Arbeids- og velferdsetaten og Arbeidstilsynet deltar i møta.
I Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd blir det regelmessig tatt opp saker som gjeld samarbeidet om IA-avtalen, oppfølging av pensjonsreforma, oginnsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Også saker som gjeld andre departement sine ansvarsområde blir tatt opp i desse møta, det gjeld mellom anna samarbeidet for å få fleire læreplassar i vidaregåande opplæring og likestilling i arbeidslivet.
Avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen)
Avtalen mellom regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet om eit meir inkluderande arbeidsliv blei første gong inngått i 2001. Målet til IA-samarbeidet er å skapa eit arbeidsliv med plass til alle, gjennom å førebyggja sjukefråvær og fråfall i heile det norske arbeidslivet. Arbeidsplassen er hovudarenaen for IA-arbeidet og eit godt partssamarbeid er ein føresetnad for å lykkast med IA-arbeidet. IA-avtalen er seinare blitt vidareutvikla og inngått på nytt i 2005, 2010, 2014 og 2018. Den noverande avtalen er blitt forlenga til å gjelde ut 2024.
Samarbeid om innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Styresmaktene og partane i arbeidslivet gjennomfører kvar for seg ei rekkje tiltak for å fremje eit seriøst arbeidsliv utan sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Tiltaka er utforma etter dialog med partane. Regjeringa vil utarbeide årlege rapportar om korleis handlingsplanen blir følgd opp, og vil nytte rapportane som grunnlag for drøftingar med hovudorganisasjonane i arbeidslivet om utfordringar og vidare innsats.
I samarbeid med partane i arbeidslivet er det organisert eigne bransjeprogram for å fremje gode og seriøse arbeidsforhold i utsette bransjar. Opprettinga av treparts bransjeprogram er gjort etter drøftingar i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd.
Trepartssamarbeid i etatane
Petroleumstilsynet, Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har eigne arenaer for trepartssamarbeid på sine område.
Sikkerhetsforum er den sentrale samhandlingsarenaen mellom partane i næringa og styresmaktene innan helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.
Rådet for Arbeidstilsynet skal sikre dialog mellom Arbeidstilsynet som representant for styresmaktene og partane i arbeidslivet som representantar for verksemder og arbeidstakarar. Rådet blir leia av direktøren for Arbeidstilsynet. Sentrale tema i rådet er:
- arbeidsmiljøsituasjonen i Noreg og utviklinga av denne
- viktige tiltak, aksjonar og kampanjar o.a. i Arbeidstilsynet
- utvikling av regelverk
- mogelege samarbeidstiltak mellom Arbeidstilsynet og partane i arbeidslivet
STAMIs partssammensatte fagråd skal verka som rådgjevande organ i forskingsfaglege spørsmål, og blir leia av direktøren for STAMI. Fagrådet skal bidra til instituttets forskingsfaglege utvikling og samarbeid internt og eksternt, og bidra til STAMIs uavhengige posisjon som det nasjonale forskingsinstitutt innanfor arbeidshelse- og arbeidsmiljøområdet.
Kunnskapsutvikling på arbeidslivsfeltet
Gjennom ei fast referansegruppe samarbeider partane og arbeidsmiljøstyresmaktene om kunnskapsutviklinga på arbeidslivsfeltet. Referansegruppa følgjer opp relevante FoU-prosjekt både frå porteføljen til departementet og partane sine eigne prosjekt. Referansegruppa blir leia av departementet og møtest 4-6 gonger i året.