Omgrep og definisjonar i lønnsoppgjera

Her er ei oversikt over nokre av dei mest sentrale omgrepa og definisjonane som blir brukt av Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) og Statistisk sentralbyrå (SSB) i samband med lønnsoppgjera.

Årslønn

Årslønn er det sentrale lønnsomgrepet i lønnsoppgjera. Årslønnsvekst i alt blir publisert av SSB, medan årslønnsvekst i dei største hovedsamanslutningane blir berekna og lagt fram av TBU. Berekningane bygger på lønnsstatistikk for dei enkelte gruppene, og på opplysningar om lønnstillegg og reguleringstidspunkt i dei enkelte åra.

Tariffmessig lønnsauke

Tariffmessig lønnsauke er lønnsauke fastsett i tariffavtalar. Tariffmessig lønnsauke kan vere generelle tillegg, låglønnstillegg, garantitillegg, tillegg på minstelønnssatsar osv. som følge av sentrale eller forbundsvise forhandlingar.

Lønnsglidning

Lønnsglidning er forskjellen mellom den lønnsveksten som er avtalt i eit lønnsoppgjer og den realiserte lønnsveksten som blir målt året etter. Lønnsglidning er eit samansett lønnsomgrep som mellom anna kan omfatte lønnstillegg som er gitt ved lokale forhandlingar på den enkelte arbeidsplassen, ansiennitetsopprykk, personlege tillegg, auka forteneste pga. auka akkord eller strukturelle endringar i sysselsettinga, f.eks. gjennom forskyvingar i timeverka mellom bransjar med ulikt lønnsnivå eller endra bruk av skiftarbeid.

Lønnsoverheng

Lønnstillegg blir gjerne gitt på ulike tidspunkt og gjerne «midt i året». Lønnsoverhenget beskriv forskjellen mellom gjennomsnittsløna i kalenderåret og lønnsnivået ved årets utgang. Overhenget fortel dermed kor stor lønnsveksten frå eitt år til det neste vil bli dersom det ikkje blir gitt lønnstillegg eller skjer strukturendringar i det andre året.

Reallønn og kjøpekraft

Reallønnsvekst er lønnsveksten etter at prisstigning er trekt frå. Kjøpekraft er nettolønna ein sit igjen med etter at skattar og prisstigning er trekt frå lønna. Det blir også kalla disponibel reallønn. Desse begrepa gir mest mening når vi ser på endringar, til dømes frå år til år.