Barns digitale liv

Alle barn har rett på ein trygg oppvekst, også digitalt. Derfor jobbar regjeringa med fleire tiltak for å sikra barns rettar og livskvalitet i ein digital kvardag.

Småbarn ser på skjerm

Stortingsmelding om trygg digital oppvekst

Regjeringa arbeider med ein stortingsmelding om barn og unge sin digitale oppvekst. Stortingsmelding om trygg digital oppvekst skal bidra til ein heilskapleg politikk på feltet. Meldinga skal sjå på både moglegheiter og utfordringar knytt til den digitale kvardagen barn og unge lever i.

Hjelpetelefon

Skjermbrukutvalet

Regjeringa vil vite meir om konsekvensane av barn og unge si skjermbruk, og har difor satt ned eit utval som skal gje regjeringa eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis barn og unges skjermbruk i barnehage, skole og fritid påverkar deira fysiske og psykiske helse, livskvalitet, læring og oppvekst.

Unge gutter ser på en mobil

Gjennomgang av forbrukarvernet til barn

Barne- og familiedepartementet leier ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium. Ei arbeidsgruppe går no gjennom regelverk og handheving for å sjå korleis vi kan forsterke forbrukarvernet til barn.

Aktuelt no

Elever ser på skjerm

Regjeringa vil ha aldersgrense på 15 år for å dele personopplysningar

Pressemelding 23.10.2024

Regjeringa vil ha ei aldersgrense på 15 år for når barn sjølv kan samtykke til at sosiale medium handsamar personopplysningane deira.

Gutt med iPad på skole

Nye nasjonale anbefalinger skal hindre skadelig innhold på digitale enheter i skolen

Pressemelding 15.10.2024

Elever skal ikke risikere å se skadelig innhold på digitale enheter de har fått av skolen. Utdanningsdirektoratet kommer nå med klare anbefalinger om bruken av digitale enheter for hvert klassetrinn.

Barn

Vil gje barn og unge ein trygg digital oppvekst

Pressemelding 07.10.2024

Regjeringa føreslår å sette av sju millionar kroner til arbeidet med å beskytte barn og unge på digitale flater.