Skjermbrukutvalet

Regjeringa fekk i november 2024 ein rapport fra skjermbrukutvalet om barn og unge sin skjermbruk. Mandatet til ekspertutvalet var å gi meir kunnskap om korleis skjermbruken til barn og unge i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst.

Utvalet kjem i tillegg med ei rekkje råd om skjermbruk til barn og unge og til dei vaksne i laget rundt barnet. Dei kjem også med tilrådingar til styresmaktene og til leverandørar av digitale plattformer.

Les NOU 2024: 20 - Det digitale (i) livet

Rapporten er no på høyring.

Utvalet leverte 15. desember 2023 ein delrapport i form av to temanotat, som ikkje inngår i NOU-serien. Temanotater – Skjermbrukutvalget