Foreldretvistar
Artikkel | Sist oppdatert: 05.01.2023 | Barne- og familiedepartementet
Av omsyn til barnet, er det viktig at foreldra fokuserer på barnets behov og samarbeider om foreldreskapet.
Utgangspunktet er at foreldre som ikkje bur i lag skal gjere avtalar om felles barn. Barnets beste skal vere avgjerande ved avtalar og avgjerd om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær.
Kva barnets beste er i kvar enkelte sak må vurderast for kvart enkelt barn. Forsking viser at det kan vere skadeleg for barn dersom det er eit høgt konfliktnivå i heimen over lang tid.
Alle foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling i samband med separasjon og samlivsbrot. Det same gjeld foreldre som vurderer å bringe ei sak om foreldreansvar, fast bosted eller samvær inn for domstolen.
Målet med meklinga er å hjelpe foreldra med å utforme avtalar om foreldreansvar, fast bosted og samvær, som er til barnets beste. Familieverntenesten kan hjelpe til med å inngå og endre avtalar og kan rettleie og støtte foreldre som har behov for å styrkje foreldresamarbeidet.
Foreldre som ikkje vert einige om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med eller samvære, kan reise sak for domstolen.
Foreldre må møte til mekling før dei kan ta saka til domstolen. Føremålet med meklinga er at dei skal få hjelp til å kome fram til ein avtale om barnet.