Skilsmisse og samlivsbrot
Artikkel | Sist oppdatert: 05.01.2023 | Barne- og familiedepartementet
Skilsmisse
Ein ektefelle som ikkje ynskjer å fortsetje samlivet kan søkje Statsforvaltaren om separasjon. Etter eitt års separasjonstid, kan kvar av partane søkje statsforvalteren om skilsmisse.
Ektefellar som flyttar frå kvarandre utan å vere separert, kan søkje Statsforvaltaren om skilsmisse to år etter samlivsbrotet.
Domstolen treffer avgjerd om skilsmisse i tilfelle der partane har flytta frå kvarandre utan å vere separert, og dei ikkje er einige om vilkåra for skilsmisse er oppfylt.
Ektefellar som har felles barn under 16 år, må møte til mekling før dei kan søkje om separasjon eller skilsmisse.
Det er mogleg å søkje om separasjon og skilsmisse på nett.
Ein ektefelle kan krevje skilsmisse dersom den andre ektefellen med overlegg har prøvd å drepe han eller henne eller barna, eller med forsett har utsett dei for alvorleg mishandling.
Det same gjeld dersom ektefellen har fare åt på ein måte som er eigna til å skape alvorleg frykt for slik åtferd. I slike døme kan ektefellen krevje dom på skilsmisse utan at ein på førehand har vore gjennom separasjon eller samlivsbrot. Det er heller ikkje naudsynt med mekling i forkant.
Oppløysing av tvangsekteskap og bigamiekteskap
Begge ektefellane kan reise søksmål for å få dom på at eit ekteskap som er inngått under tvang er ugyldig eller få skilsmisse utan at ein på førehand har vore gjennom separasjon eller samlivsbrot.
Søksmålet må vere reist innan 6 månader etter at ektefellen har blitt fri for tvangen. Dersom det har gått meir enn 5 år etter at partane gifta seg, kan dei ikkje reise søksmål som blir grunngitt med tvang, men må søkje om separasjon.
Dersom det ligg føre eit bigamiekteskap (ekteskap som er inngått medan tidlegare ekteskap består), kan begge ektefellane krevje det oppløyst.
Dersom ingen av partane reiser oppløysingssak, vil Statsforvaltaren reise sak for å oppløyse ekteskapet som blei inngått sist.
Ein ektefelle kan også krevje skilsmisse når den andre ektefellen har inngått nytt ekteskap i strid med bigamiforbodet i ekteskapslova § 4.
Søksmålet må reisast innan 6 månader etter at ektefellen har blitt fri for tvangen. Dersom det har gått meir enn 5 år etter at partane gifta seg, kan dei ikkje reise søksmål som blir grunngitt med tvang, men må søkje om separasjon.
Dersom det ligg føre eit bigamiekteskap (ekteskap som er inngått medan tidlegare ekteskap består), kan begge ektefellane krevje det oppløyst.
Dersom ingen av partane reiser oppløysingssak, vil Statsforvaltaren reise sak for å oppløyse ekteskapet som blei inngått sist.
Ein ektefelle kan krevje skilsmisse når den andre ektefellen har inngått nytt ekteskap i strid med bigamiforbodet i ekteskapslova § 4.