E-helsetrender og nøkkeltal for e-helse

Helsedirektoratet utarbeider årlege rapportar om utviklingstrekk innan digitalisering i helse. Utviklingstrekkrapporten tar for seg utvalde trendar og drivkrefter innan e-helse og skal bidra til auka forståing for digitalisering i helse- og omsorgssektoren.

Nasjonal e-helsemonitor (ehelse.no) viser relevante nøkkeltal på e-helseområdet. Dette bidrar til eit godt kunnskapsgrunnlag om bruk og effektar av digitalisering i helse- og omsorgssektoren.

Ein nasjonal e-helsemonitor skal vise status på sentrale satsingsområde og dokumentere i kva grad måla innan helsepolitikken blir realiserte.