Digital samhandling og nasjonale e-helseløysingar

Korleis sikrar vi at relevante opplysningar frå fastlegen din blir overført vidare til sjukehuset, dersom du blir vist dit? Dette blir kalla «pasientovergangar», og det å sikre gode pasientovergangar er ein føresetnad for at du som pasient skal få best mogleg helsehjelp.

Det er nemleg slik at helsehjelp til deg som pasient i stor grad blir gitt i samarbeid mellom ulike delar av helse- og omsorgstenestene. Dette kan til dømes vere mellom fastlege og sjukehus, mellom legevakt og sjukeheim eller mellom ein kommunalt tilsett fysioterapeut og fastlegen din. Stikkordet er at relevant informasjon må flyte raskt og sikkert frå ein del av helsetenesta til ein annan. Det er dette vi kallar digital samhandling.

Dei nasjonale e-helseløysingane kjernejournal, helsenorge, e-resept og helsenettet sørger for at innbyggarene sine helseopplysningar følger pasienten og at samarbeidet internt i helse- og omsorgstenestene går meir smidig for seg.

  • Kjernejournal (helsenorge.no) er ei digital teneste som gir helsepersonell og pasientar tilgang til viktige opplysningar om sjukdom, allergiar, kritisk informasjon, vaksinar og legemiddel. Denne informasjonen er vesentleg for helsepersonell å vite om slik at dei kan gi forsvarleg helsehjelp. Du som innbyggar i Noreg får tilgang til eigen kjernejournal gjennom Helsenorge.
  • Helsenorge (helsenorge.no) er innbyggarane sin inngang til offentlege helse- og omsorgstenester digitalt. På Helsenorge får innbyggarar tilgang til kvalitetssikra helseinformasjon og har mellom anna innsyn i eigen journal og oversikt over vaksinar og reseptar. Helsenorge fungerer også som ein inngangsport for tenester som timebestilling og digitale konsultasjonar.
  • E-resept (nhn.no) er ei løysing for sikker overføring av reseptar mellom rekvirentar, apotek og bandasjistar. Løysinga bidrar til at helsepersonell får betre oversikt over pasienten sine gyldige reseptar og kva pasienten har henta ut, samtidig som pasientar får oversikt over eigne reseptar via Helsenorge.
  • Helsenettet (nhn.no) er eit sikkert digitalt nett for alle aktørar i helsesektoren. Helsenettet utgjer grunnmuren for at helseopplysningar kan bli utveksla på ein trygg og sikker måte.

Relevant, oppdatert og korrekt informasjon

Digital samhandling skal bidra til at helsepersonell får tilgang til relevant, oppdatert og korrekt informasjon om pasienten, slik at dei kan gi best mogleg behandling og bruke meir tid på pasientbehandling og mindre tid på å leite etter og samanlikne informasjon.

Målsettinga er ei meir heilskapleg og effektiv samhandling på tvers av verksemder og nivå. For å få til dette er det investert og sett i gang fleire nasjonale tiltak for å dekke dei høgast prioriterte behova. Døme på nasjonale tenester for digital samhandling er:

Dette er område der det er særleg viktig at helsepersonell kan dele relevant og nødvendig informasjon om pasienten.

Ein dytt til digitalisering med helseteknologiordninga

Helseteknologiordninga (helsedirektoratet.no) har frå 2024 lagt til rette for at kommunar tar i bruk ulike typar helseteknologi.

Ordninga har vidareført tidlegare arbeid innan velferdsteknologi og digital heimeoppfølging (helsedirektoratet.no).

Til å begynne med har Helseteknologiordninga bestått av desse tiltaksområde:

  • Tilskotsordningar
  • Rettleiingsteneste
  • Samordning av kommunale nettverk der ressurspersonar i kommunane samarbeider om innføring av helseteknologi

Helseteknologiordninga skal verke saman med tiltak som KS og næringslivet har sett i gang. Ordninga skal også legge til rette for bruk av riktige standardar. Ordninga skal byggast ut over tid.

Standardisering, terminologi og kodeverk 

Standardisering av tekniske og innhaldsmessige krav gir ei felles «oppskrift» for digitale løysingar. Standardisering i digitale helseløysingar dekker mange bruksområde.

Det handlar både om å bruke same terminologi, kodeverk og rammeverk for informasjonsinnhald og informasjonsutveksling og same standard for digital tryggleik.

Det er også standardar som ikkje er helsesektorspesifikke, som til dømes universell utforming.

Kvifor er standardisering viktig?

Standardisering bidrar til trygg og effektiv digital støtte både til helsepersonell og deg som innbyggar. Det gir i tillegg føreseielegheit til leverandørmarknaden, og ved å bruke internasjonale standardar har ein lettare moglegheit til å kome inn på marknaden i andre land.

Samarbeidsprosessen for internasjonale standardar set rammer for standardiseringsarbeidet for digitalisering i helse- og omsorgssektoren.

Standardisert terminologi og kodeverk gjer det mogleg med samhandling og enklare gjenbruk av data til kvalitetsforbetring, helseovervaking, styring og forsking.