Offentlege verksemder og e-helse
Artikkel | Sist oppdatert: 16.04.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helsedirektoratet og Norsk Helsenett SF er to av dei viktigaste verksemdene innan helseforvaltninga. Dei arbeider med utgreiing, drift og vidareutvikling av digitalisering i helse- og omsorgssektoren.
Helsedirektoratet
Helsedirektoratet er ein myndigheitsorganisasjon med følge-med-funksjonar, rådgiving, forvaltning og tolking av regelverk innan heile helse- og omsorgssektoren. Frå 1. januar 2024 er Helsedirektoratet den nasjonale myndigheita for digitalisering og informasjonsforvaltning i helse- og omsorgssektoren. Deira ansvar er å legge til rette for effektive og samanhengande digitale løysingar.
Som nasjonal myndigheit for digitalisering har Helsedirektoratet ansvaret for tolking av regelverk, ivaretaking av helsefaglege behov i utvikling og forvaltning av digitale løysingar, samt normerande produkt og tilhøyrande rettleiingstenester.
Norsk helsenett SF
Norsk helsenett SF skal som nasjonal tenesteleverandør legge til rette for trygg og effektiv digital samhandling i helse- og omsorgstenesta.
Norsk helsenett SF har ansvaret for utvikling av infrastruktur for samhandling i heile helse- og omsorgssektoren, og har ei sentral rolle i arbeidet med å nå måla for digitalisering i tråd med nasjonale krav og rammer.