Intensjonsavtale for eit sunnare kosthald
Artikkel | Sist oppdatert: 26.03.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Matvarebransjen (næringsorganisasjonar, mat- og drikkeprodusentar, daglegvarehandelen og serveringsbransjen) og Helse- og omsorgsdepartementet har sidan 2016 hatt ein intensjonsavtale for eit sunnare kosthald. Hensikta med avtalen er at aktørane skal samarbeide om å gjere det enklare for forbrukarane å velje sunt.
Sunnare mat i kjøleskapa og kjøkkenskapa til folk flest, og eit sunnare mattilbod i kioskar, bensinstasjonar, kantinar og andre serveringsstader vil bidra til dette.
I underkant av 100 aktørar har signert avtalen om sunnare kosthald og forplikta seg til å nå måla.
Samarbeid på tvers av sektorar
Intensjonsavtalen er eit viktig verkemiddel for å få til eit meir effektivt samarbeid på tvers av sektorar. Norsk kosthald inneheld for mykje tilsett sukker, salt og metta feitt.
Dessutan et vi for lite grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk. Usunt kosthald fører til sjukdomar, helseplager og tapte leveår. I avtalane forpliktar partane seg derfor til å arbeide mot felles talfesta mål:
- Innhald av tilsett sukker i kosten er redusert til 10 energiprosent innan 2025.
- Innhald av metta feitt i kosten er redusert til 13 energiprosent innan 2025.
- Det gjennomsnittlege inntaket av salt per person er redusert til 7 gram per dag innan 2025.
- Inntaket av sunne matvarer som grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og sjømat er auka med 20 prosent innan 2025 samanlikna med inntaket i 2015.
- Talet på nøkkelhullsmerkte produkt målt i verdi er auka til 21 prosent innan utgangen av 2025.
Lett å ta sunne val
Bedriftene skal gjere det lettare for forbrukarane å ta sunnare val gjennom innovasjon, reformulering, porsjons- og pakningsstorleikar, fremming av sunnare alternativ og utvikling av nye produkt.
Helsedirektoratet har ansvar for å informere om samanhengen mellom kosthald og helse og kostråda. Helsedirektoratet har også sekretariatsansvaret for gjennomføringa av intensjonsavtalen, mens departementet leier næringslivsgruppa som er øvste organ i organiseringa av avtalen.
Evaluering av avtalen
Forskningsinstitusjonen Fafo evaluerte arbeidet med intensjonsavtalen fram til utgangen av 2021. Evalueringa viste at aktørane har definert kosthaldsarbeidet som eit av sine strategiske mål i ein eller annan form, og at intensjonsavtalen gir draghjelp og retning til dette arbeidet.
Dei mest nytta tiltaka blant bedriftene var endringar av samansetninga til produkt, samt utvikling av nye produkt og marknadsføringstiltak. Helse- og omsorgsdepartementet har gitt FHI og Helsedirektoratet i oppdrag å gjennomføre ei ny evaluering i 2025.
Intensjonsavtalen sine utmerkingar
For å heidre dei som gjer ein særleg innsats for å utvikle sunnare matprodukt og oppfordre forbrukarane til å velje sunnare matvanar, oppretta helse- og omsorgsministeren i 2020 to utmerkingar for godt arbeid i medhald av intensjonsavtalen:
- Intensjonsavtalens utmerking for sunnare produkt
- Intensjonsavtalens utmerking for sunnare marknadsføring