Folkehelseloven

Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) trådte i kraft 1. januar 2012. Folkehelseloven skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, inkludert å jamne ut sosiale helseforskjellar. Høyringsnotat til revisjon av lova er no på høyring, med høyringsfrist 18. januar 2025.

Folkehelseloven (lovdata.no) fastset at folkehelse er eit ansvar i alle sektorar, ikkje berre i helsesektoren, og på alle forvaltningsnivå, dvs. kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova gir heimel til å fastsette krav til verksemder om forhold med betydning for befolkninga si helse (miljøretta helsevern), og gi kommunar verkemiddel som til dømes stansing og retting mv. overfor verksemder.

Folkehelseloven bygger på fem grunnleggande prinsipp for folkehelsearbeidet:

  • prinsippa om å jamne ut sosiale helseforskjellar
  • helse i alt vi gjer (Health in All Policies)
  • berekraftig utvikling
  • føre-var
  • medverknad

Langsiktig og systematisk innsats

Lova set krav til politisk forankring av folkehelsearbeidet og for ein langsiktig og systematisk innsats. Kommunar og fylkeskommunar skal fremme helse innan dei oppgåvene og med dei verkemidla dei er tillagt.

Eit systematisk folkehelsearbeid inneber at kommunar og fylkeskommunar skal ha oversikt over helsetilstanden til befolkninga i sin kommune/sitt fylke og dei faktorane som påverkar helsetilstanden. Denne kunnskapen og identifiserte folkehelseutfordringar skal bli lagt til grunn i arbeidet med planstrategi og som grunnlag for fastsetting av mål og strategiar gjennom kommuneplanarbeidet.

Lova bygger på, og er samordna med plan- og bygningsloven (lovdata.no) som er det generelle regelverket for å fremme berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Kommunen skal setje i verk nødvendige tiltak for å møte folkehelseutfordringane.

Skal vurdere befolkninga si helse

Statlege myndigheiter skal i si verksemd vurdere konsekvensar for befolkninga si helse der det er relevant. Stortinget føresette i si innstilling om folkehelseloven (stortinget.no) at statlege myndigheiter skal velje ein tilsvarande arbeidsform som er pålagt kommunane gjennom folkehelseloven. 

Statsforvaltarane og Helsedirektoratet skal vidare bidra til å setje i verk nasjonal politikk på folkehelseområdet, og vere pådrivarar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid lokalt, regionalt og nasjonalt. Helsedirektoratet skal vidare utvikle nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine roller

Folkehelseinstituttet har i oppgåve å overvake utviklinga av folkehelsa og drive forsking. Helsedirektoratet skal gjere tilgjengeleg opplysningar om helsetilstand og påverkningsfaktorar som grunnlag for kommunane sine oversikter. Dette inneber at det kvart år blir utarbeidd folkehelseprofilar for kvar einskild kommune og fylkeskommune.

Vidare driv Folkehelseinstituttet Kommunehelsa statistikkbank (khs.fhi.no). Helsedirektoratet har ansvar for å gi rettleiing til folkehelselova, mellom anna gjennom utvikling av nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.

Dei viktigaste endringane i forslaget til revidert folkehelselov

  • Kommunen sitt ansvar for folkehelse, som er spreidd fleire stader i dagens lov, blir samla i kapittel 2. Dette omfattar mellom anna at kommunen sitt ansvar innan miljøretta helsevern, som i dag står i kapittel 3, blir flytta og harmonisert med det øvrige folkehelsearbeidet.
  • På bakgrunn av koronakommisjonen og utvalet sine rapportar blir beredskapsbestemmingane tydeleggjorde, inkludert at enkelte bestemmingar som var i forskrift blir flytta til lov, samt krav til forsvarleg samfunnsmedisinsk beredskap.
  • Det systematiske folkehelsearbeidet blir justert på to måtar. Det blir stilt nye krav til at forslag til tiltak inngår i det kommunale og fylkeskommunale beslutningsgrunnlaget. Kravet om evaluering av folkehelsearbeidet blir tydeleggjort.
  • Fylkeskommunen sine oppgåver etter folkehelseprogrammet blir lovforankra, som grunnlag for at tilskotet blir lagt inn i ramma etter programperioden.
  • To nye omsyn blir løfta fram spesielt. Dette gjeld kravet om å vurdere omsynet til barn sitt beste, og å vurdere situasjonen for den samiske befolkninga.
  • Staten får det same kravet som kommunar og fylkeskommunar om å beskytte, fremme og jamne ut helse i befolkninga. Forslaget inneheld krav til systematisk folkehelsearbeid for statlege helsemyndigheiter.