Smittevern

Å hindre at smittsame sjukdomar blir overførte i befolkninga er sentralt i departementet sitt arbeid med smittevern.

Smittevernloven (lovdata.no) med forskrifter skal sikre at myndigheitene set i verk nødvendige smitteverntiltak og koordinerer verksemda si, samtidig som rettstryggleiken til den enkelte blir ivaretatt.

Slik opprettheld vi eit godt smittevern:

  • Tilby eit godt nasjonalt vaksinasjonsprogram.
  • Sørge for ein god beredskap for smittevern.
  • Informere publikum om effektive tiltak.
  • Førebygge antibiotikaresistens.
  • Redusere førekomsten av infeksjonar knytt til helsetenester.
  • Samarbeide internasjonalt, inkludert gjennom nasjonal gjennomføring av Verdas helseorganisasjon sine helsereglar IHR-forskrifta (lovdata.no).

Desse områda blir følgde opp gjennom eigne nasjonale strategiar og beredskapsplanar.

Strategiar og planar:

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har sentrale oppgåver på smittevernområdet.