Helseberedskap – ein del av regjeringa sitt arbeid for samfunnstryggleik

Helseberedskap er ein sentral del av samfunnstryggleiken og arbeidet med denne. Svært mange kriser involverer helsesektoren i større eller mindre grad. Døme på dette er pandemien, terrorhendingar og ekstremvær der helsekapasitet lokalt, regionalt eller nasjonalt blir involvert over kortare eller lengre tid for å sikre liv og helse.

Instruksen som gir retningslinjer for samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid i sivil sektor heiter instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, tilsynsfunksjon og sentral krisehåndtering (lovdata.no). Denne gjeld heile krisespekteret.

Formålet med instruksen er å sikre heilskapleg og koordinert samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid som bidrar til å styrke samfunnet si evne til å førebygge og handtere kriser. 

Instruksen skildrar overordna prinsipp, departementa sitt ansvar og Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle. Den beskriv også prinsipp for tilsyn, sentral krisehandtering ved kriserådet, kva departement som skal vere leiardepartement og krisestøtteeininga (KSE).