Internasjonalt samarbeid om helseberedskap

Noreg deltar i internasjonalt samarbeid om førebygging, overvåking, analyse, varsling og motverking av sjukdom i Norden, EU, Verdas helseorganisasjon (WHO), Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og NATO.

Nordisk samarbeid om helseberedskap

Noreg deltar i eit nordisk samarbeid, regulert i Nordisk helseberedskapsavtale (lovdata.no) av 2002. Etter Nordisk helseberedskapsavtale pliktar dei nordiske landa så langt som mogleg å:

  • yte kvarandre gjensidig assistanse i ein krisesituasjon
  • informere og konsultere kvarandre om tiltak som blir sett i verk i krisesituasjonar
  • fremje samarbeid ved å fjerne hindringar i nasjonale reglar mv.
  • samarbeide om erfaringsutveksling og kompetanseheving

Avtalen legg til rette for at landa kan etablere samarbeidsprosjekt, mellom anna om øvingar, innsats ved kriser i utlandet, pandemiberedskap, atomberedskap og veterinærberedskap.

Nordisk helseberedskapsgruppe (Svalbardgruppa) er eit samarbeidsorgan for oppfølging av avtalen. Leiarskapet går på rundgang mellom landa. Saker relaterte til avtalen blir rapportert til Nordisk ministerråd via ein embetsmannskomité.

EU/EØS

Helseberedskap og krisehandtering er eit nasjonalt ansvar for landa i EU/EØS-området. Det er likevel brei einigheit om behov for samarbeid for å styrke helseberedskapen. Dette gjeld mellom anna konsultasjonar, varslingsordningar og standardiseringsarbeid for å kunne kommunisere og handtere ein krisesituasjon på tvers av landegrenser.

Noreg deltar i dette samarbeidet ved at:

  • departementet deltar i Health Security Committee (HSC).
  • departementet deltar i styret for European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC) (europa.eu), som bistår EU/EØS-land og EU-kommisjonen med vitskapleg baserte råd.
  • Folkehelseinstitutt deltar i ekspertnettverk og rådgivande forum for ECDC.
  • Direktoratet for strålevern og atomberedskap (DSA) har observatørstatus i EUs ECURIE-beredskapsnettverk på atomområdet.
  • Helsemyndigheitene deltar i rådgivande utval i EU sitt mattryggleiksbyrå EFSA (europa.eu).
  • Mattilsynet deltar i EU sin faste komité for næringsmiddelkjeden og dyrehelse (SCFCAH) og EU si eining for handtering av kriser innan mat/fôr.
  • Europaparlaments- og rådsbeslutning om alvorlege grensekryssande helsetruslar blei vedtatt 23. november 2022. Vedtaket inneber ei presisering og utviding av dagens system. Denne er vedtatt i EU og blir vurdert inntatt i EØS-avtalen og norsk rett.

Verdas helseorganisasjon (WHO)

Samarbeidet i Verdens helseorganisasjon (who.int) er basert på frivilligheit frå medlemslanda si side. Det er ein viktig målsetting for Noreg å bygge opp under WHO si rolle som ein global aktør for sjukdomsovervaking og krisehandtering på helseområdet.

WHO sitt internasjonale helsereglement (IHR 2005), som trådde i kraft 1. juli 2007, ligg til grunn ved utbrot av smittsame sjukdomar og andre helsetruslar av internasjonal betydning. Reglementet gir retningslinjer for WHO og enkeltland si handtering og forpliktar landa til samarbeid om rapportering og kontrolltiltak ved slike hendingar. Reglementet inneheld oversikt over tiltak og verkemiddel, inkludert restriksjonar på samferdsel, handel og turisme, som medlemslanda har blitt einige om kan settast i verk for å bekjempe sjukdom.

1. juni 2024 vedtok den 77. verdshelseforsamlinga, gjennom ein resolusjon, ei pakke med endringar til IHR (who.int). Desse er dei største endringane av IHR på 20 år og vil tre i kraft 12 månader etter at WHO sin generaldirektør har sendt ei formell melding til alle statspartar.

Nasjonalt folkehelseinstitutt er kontaktpunkt for varsel og mottak av varsel om utbrot av smittsame sjukdomar og andre alvorlege hendingar som kan ha betyding for internasjonal folkehelse, samt oppdmoding frå WHO om bistand til å bekjempe slike utbrot. 

Mattilsynet er nasjonalt kontaktpunkt for Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE), Verdens plantehelseorganisasjon (IPPC) og Codex Alimentarius. Desse organisasjonane er særskilt omtalte i SPS-avtalen under Verdas handelsorganisasjon (WTO).

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA)

Det internasjonale atomenergibyrået (iaea.org) er sentralt i internasjonal handtering av atomhendingar, og relasjonane mellom ulike FN-organ (IAEA, OCHA, WMO, WHO), EU og NATO.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (dsa.no) er norsk kontaktpunkt for IAEA-konvensjonane om tidleg varsling og assistanse.

NATO

NATO (nato.int) sitt sivile samarbeid omfattar også helserelatert samarbeid gjennom den felles sivil-militære komiteen; Joint Health, Agriculture and Food Group (JHAFG).

Noreg kan oppmode om å bistå med helseressursar både til humanitære og militære operasjonar. Helsedirektoratet representerer sivile helsemyndigheiter i JHAFG.