Nasjonal helseberedskapsplan
Artikkel | Sist oppdatert: 13.06.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Den nasjonale helseberedskapsplanen er det overordna rammeverket for helse- og omsorgssektoren si førebygging og handtering av alle typar kriser og katastrofar, og blei fastsett 1. januar 2018.
Planen beskriv lov- og plangrunnlag, aktørane, deira roller, ansvar og oppgåver, samt ressursar i førebygging og beredskap.
Ansvarsforhold og rutinar
Avklarte ansvarsforhold, tydelege varslings- og rapporteringsrutinar og god samhandling mellom aktørane ved kriser er særleg viktig. Samverke med andre sektorar, både sivile og Forsvaret, blir omtalt i denne planen.
For at samverket skal fungere når hendinga inntreff, må aktørane vere førebudde. Alle verksemdene i helse- og omsorgssektoren har ansvar for å koordinere eigne førebuingar med samarbeidspartnarane sine, slik at alle aktørane kan vareta si rolle og sitt ansvar i godt samverke med dei andre aktørane i eigen og andre sektorar.
Samhandling internasjonalt
Fleire kriser og katastrofar er internasjonale. Dei norske helsemyndigheitene si samhandling med internasjonale aktørar om beredskap er derfor også omtalt i planen.
Dei omtalte aktørane skal ta utgangspunkt i denne planen når dei lagar beredskapsplanar for eigen krisehandtering. Aktørane skal jamleg evaluere og oppdatere planane sine, og læring frå øvingar og hendingar bør bli innarbeida i planane gjennom eit systematisk forbetringsarbeid.
Dette er den tredje utgåva av planen. Den første versjon blei fastsett 31. januar 2007, som oppfølging av flodbølgekatastrofen i Sør-Asia i 2004. Andre utgåva blei gitt ut 2. juni 2014.
Ny plan hausten 2024
I løpet av hausten 2024 vil Nasjonal helseberedskapsplan bli oppdatert. Dette vil vere den fjerde utgåva av planen.
Sidan den forrige utgåva i 2018 har vi vore gjennom ein verdsomspennande pandemi med omfattande samfunnskonsekvensar. Det er krig i Europa etter Russland sitt angrep på Ukraina i februar 2022.
På ei rekke område har sårbarheita i samfunnet kome tydelegare fram der klima, digitalisering, stormaktsrivalisering og internasjonale forsyningsliner er nokre stikkord. Forståinga for internasjonale sårbarheiter har auka, og det er ei felles oppfatning om behovet for sterkare vektlegging av forsvar, samfunnstryggleik og beredskap.
Det gjeld ikkje minst innanfor helse- og omsorgssektoren. Den nye innramminga av helseberedskapen er òg ein viktig bakgrunn for at planen blir oppdatert. Omtale av roller, ansvar og strukturar vil bli vektlagt i den oppdaterte versjonen.