Måling av ressursbruk til forsking i helseføretaka

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) utarbeider på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet rapportar om ressursbruken til forsking i helseføretaka.

Rapporteringa inngår som ein del av den ordinære nasjonale FoU-statistikken og blir utarbeidd annakvart år.​

Om NIFU-rapporten frå 2019

  • 43 helseføretak og private, ideelle sjukehus er inkluderte i målinga og rapporterte at dei hadde forskingsaktivitet i 2019.

  • Det blei rapportert ei samla ressursbruk til forsking på 4,35 milliardar kroner i 2019.

  • Beløpet omfattar all ressursbruk, inkludert kostnader til løn, andre driftskostnader, avskrivingar osb. I tillegg til basisløyvingar og øyremerka forskingsløyvingar frå Helse- og omsorgsdepartementet, omfattar beløpet eksterne finansieringskjelder for forsking i helseføretaka. Ein stor del av midla er bundne opp i stillingar, infrastruktur, samt eksterne midlar tildelte frå Noregs forskingsråd, Kreftforeningen mv. Berre ein mindre del av beløpet er midlar som blir lyste ut til forsking.

  • Driftskostnader rapporterte for forsking utgjorde i gjennomsnitt 2,9 prosent av totale driftskostnader for alle lovpålagde oppgåver hjå spesialisthelsetenesten. 

  • Helseføretak og private, ideelle sjukehus oppga å ha utført totalt 3230 forskingsårsverk. Talet inkluderer årsverk utført av overlegar, legar og psykologar i klinisk stilling, tilsette i forskarstillingar og tilsette i forskingsstøttefunksjonar.

  • Dei seks universitetssjukehusa sto for omtrent fire femdelar av den samla ressursinnsatsen til forsking i spesialisthelsetenesta.

  • Helse Sør-Aust sto for 56 prosent av den samla ressursinnsatsen til forsking i helseføretak og private, ideelle sjukehus, mens den nest største helseregionen, Helse Vest, sto for 17 prosent. Helse Midt-Noreg og Helse Nord stod for høvesvis 1,4 og 1,7 prosent.

  • 7 prosent av forskingsressursane i 2019 kom frå Forskingsrådet og 11 prosent frå andre norske eksterne kjelder, mens 1 prosent kom frå utlandet.

  • 27 helseføretak og private, ideelle sjukehus rapporterte å ha brukt 586 millionar kroner og 423 forskingsårsverk på området psykisk helsevern i 2019. 13 helseføretak og private, ideelle sjukehus rapporterte å ha brukt 84 millionar kroner og 65 årsverk på forsking innan tverrfagleg, spesialisert behandling av rusmisbrukarar i 2019.

Figur over helseføretaka sin finansieringsstruktur
Figur 2.1 Helseføretaka si finansieringsstruktur for forsking i 2019, totalt og etter helseregion. Prosent. Foto: NIFU

Data er henta inn frå dei regionale helseføretaka for helseføretaka og direkte frå private, ideelle sjukehus som er inkluderte i det nasjonale målesystemet for forskingsaktivitet i helseføretaka (sjå oversikt over rapporteringseiningane under omtale av målesystemet).

Ressursmålingane blei gjennomførte årleg fram til og med 2017. Deretter er målingane gjennomført annakvart år for å redusere rapporteringsbelastninga for einingane som utfører forskinga. 

Målesystemet er under forbetring og vidareutvikling. Det er ønskeleg å synleggjere ressursbruk til forsking i helseføretaka på lik linje med andre forskingsutførande einingar og anna ressursbruk i helsetenesta, samt å gjere data mest mogleg samanliknbare mellom helseføretak og helseregionar, også over tid.

Som ein del av utviklings- og forbetringssarbeidet blei det i 2010 nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå dei regionale helseføretaka og observatørar frå Noregs forskingsråd og dei medisinske fakulteta hjå universiteta. Arbeidsgruppa har sidan 2011 vore vidareført som ei permanent ressursgruppe for målesystemet.

Ein bør forsiktig i beskrivingar og tolkingar av utviklinga over tid.

Sjå NIFU-rapportar frå tidlegare år under.