Internasjonalt samarbeid om forsking og innovasjon innan helse
Artikkel | Sist oppdatert: 25.06.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Internasjonalisering av norsk forsking er viktig i norsk forskings- og innovasjonspolitikk, og er eit viktig tiltak for å nå dei overordna måla i langtidsplan for forsking og høgare utdanning lagt fram i Meld. St. 4 (2018-2019).
Helse er eitt av seks særleg prioriterte områder som er løfta i Langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Forsking- og innovasjonssamarbeidet gjennom EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (forskningsradet.no) står heilt sentralt i dette arbeidet. Her er helse ein av hovudprioriteringane.
Nødvendig med internasjonalt samarbeid
Fleire norske forskings- og innovasjonsmiljø innanfor medisin og helse ligg på eit høgt internasjonalt nivå. Dette gjer seg gjeldande ved betre norsk retur frå Horisont Europa innan helse.
Den vitskaplege og teknologiske utviklinga i samfunnet generelt og behovet for heilskapstenking har auka kompleksiteten i dei problemstillingane som fagmiljøa fokuserer på.
Dette, i tillegg til auka vitskapleg spesialiseringsgrad, gjer det nødvendig å samarbeide over landegrensene.
Deltaking i studiar
Store kliniske studiar krev også stort tilfang av pasientar som vil delta i prosjekta.
Deltaking i internasjonale prosjekt er kompetansebyggande og gir både fagleg og økonomisk draghjelp til å løysa sentrale forskings- og innovasjonsoppgåver.
Samtidig er internasjonalt samarbeid eit utstillingsvindauge for norske fagmiljø.
Horisont Europa
Noreg deltar gjennom EØS-avtalen som fullverdig medlem av Horisont Europa.
Internasjonalt FoU-samarbeid innan helse skjer hovudsakleg gjennom deltaking i dette programmet, ni partnerskap knytte til programmet og eit samfunnsoppdrag (mission) om kreft i regi av EU.
I tillegg er det tettare kopling mellom dei ulike programmene i regi av EU, som mellom anna EU4Health, for å få til betre synergiar mellom desse enn tidlegare.
Aktiv partnar
Noreg må vere aktiv for å sikra deltaking i utviklinga av det europeiske innovasjonssystemet. Regjeringa arbeider for å ivareta norske interesser, mellom anna innan helsesektoren, i Horisont Europa.
Helse er eit viktig tematisk forskings- og innovasjonsområde under hovudpilaren Globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv. Her er helse eitt av seks særskilde prioriterte område.
Helse- og omsorgsdepartementet bidrar også til forsking på global helse, både gjennom bidrag til satsing på global helse i Noregs forskingsråd, partnerskapet for europeiske- og utviklingsland om klinisk utprøving (edctp.org) og deltaking i WHO sitt arbeid på helseforsking.
Lenker
- Nordforsk (nordforsk.org)
- Norsk deltaking i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon (forskningsradet.no)
- Europeiske partnerskap (forskningsradet.no)
- Cancer Mission (cancermission.no)
- Forsking hjå Verdas helseorganisasjon (who.int)
- Panorama – Regjeringa sin strategi for forskings- og høgare utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027)