Medisinsk bruk av bioteknologi
Artikkel | Sist oppdatert: 20.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Medisinsk bruk av bioteknologi er regulert av bioteknologilova og omfattar assistert befruktning, preimplantasjonsdiagnostikk, forsking på befrukta egg, kloning, fosterdiagnostikk, genetiske undersøkingar og genterapi.
Formålet med lova er å sikre at medisinsk bruk av bioteknologi blir utnytta til beste for menneske i eit samfunn der det er plass til alle.
Dette skal skje i samsvar med prinsipp om respekt for menneskeverd, menneskelege rettar og personleg integritet og utan diskriminering på grunnlag av arveanlegg basert på dei etiske normene nedfelte i vår vestlege kulturarv.
Assistert befruktning
Assistert befruktning er ei medisinsk behandling som blir gitt for å gjere ei kvinne gravid på annan måte enn ved samleie. Behandlinga kan bestå av inseminasjon med partneran sin sæd eller med sæd frå ein sædgivar.
Behandlinga kan også innebere befruktning utanfor kroppen. Det vil seie at eit egg frå kvinna sjølv eller frå ein eggdonor, blir befrukta utanfor kroppen hennar før det blir sett tilbake. Ein kan tilby assistert befruktning både til gifte, sambuande og einslege kvinner.
Preimplantasjonsdiagnostikk (gentesting av befrukta egg)
Preimplantasjonsdiagnostikk er ei genetisk undersøking av eit befrukta egg før egget blir sett inn i livmora til kvinna. Behandlinga blir tilbydd par som har høg risiko for å få barn med alvorleg arveleg sjukdom.
Ein kan kombinere preimplantasjonsdiagnostikk med undersøking av vevstypen til det befrukta egget. Dette blir gjort for å kunne velje ut og sette inn eit befrukta egg som vil gi eit vevstypeliknande barn som kan vere stamcelledonor for eit sysken med ein alvorleg, arveleg sjukdom.
- Preimplantasjonsdiagnostikk (helsedirektoratet.no)
- Gentesting av befrukta egg (PFT/PGD) (bioteknologiradet.no)
Forbod mot kloning
Etter bioteknologilova er det forbode å klone menneske. Det er også forbode å forske på cellelinjer som er framstilt frå klona menneskeembryo.
Omgrepet kloning omfattar ulike teknikkar for å framstille arveleg like kopiar.
Fosterdiagnostikk
Fosterdiagnostikk er undersøking av eit foster eller ei gravid kvinne med formål å få informasjon om dei genetiske eigenskapane til fosteret, eller for å påvise eller utelukke sjukdom eller utviklingsavvik hos fosteret.
Metodar for fosterdiagnostikk er mellom anna ultralydundersøkingar, NIPT, morkakeprøve og fostervassprøve.
Ultralyd tidleg i svangerskapet (veke 11 til 14) blir tilbydd alle gravide. Fosterdiagnostikk blir også tilbydd mellom anna til gravide dersom kvinna sjølv eller hennar partnar tidlegare har fått barn med alvorleg sjukdom eller utviklingsavvik.
- Fosterdiagnostikk (helsedirektoratet.no)
- Fosterdiagnostikk (helsenorge.no)
- Fosterdiagnostikk (bioteknologiradet.no)
Genetiske undersøkingar av fødde
Ei genetisk undersøking gir informasjon om ein person sine arveeigenskaper, mellom anna ved analyse av arvestoffet. Prediktive og presymptomatiske genetiske undersøkingar kan seie noko om kva risiko personen har for å få sjukdom i framtida.
Genetiske undersøkingar for berartilstandar seier noko om ein person er berar av anlegg for arvelege sjukdomar som først viser seg i seinare generasjonar. Ved prediktive og presymptomatiske genetiske undersøkingar og genetiske undersøkingar for berartilstandar skal ein gi tilpassa genetisk rettleiing. Slike undersøkingar skal normalt ikkje bli utført på barn under 16 år.
For å unngå misbruk av opplysningar om risiko for framtidig sjukdom, skal til dømes forsikringsselskap og arbeidsgivarar ikkje ha tilgang til prediktiv genetisk informasjon.
- Genetiske undersøkingar (helsedirektoratet.no)
- Gentesting og genetiske undersøkingar (helsedirektoratet.no)
Genterapi
Genterapi er ei medisinsk behandling der genetisk materiale blir overført til humane celler.
Genterapi kan berre brukast for å behandle, eller hindre at sjukdom oppstår.