Apoteka og legemiddelforsyning
Artikkel | Sist oppdatert: 16.04.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Legemiddelforsyninga startar normalt hos leverandørane av legemiddel. Dette er enten representantar for produsenten av eit bestemt legemiddel eller importørar. Legemiddelgrossistar kjøper legemidla av leverandørane og sel desse vidara til apoteka.
Legemiddelgrossistar som leverer til apotek, må som hovudregel kunne levere kor som helst i landet i løpet av 24 timar.
Det er tre store grossistar som leverer i Noreg: Norsk Medsinaldepot AS, Apotek 1 Gruppen AS og Alliance Healthcare Norge AS.
Legemiddelgrossistar har høve til å selje legemiddel direkte til sjukeheim, til profesjonelle sluttbrukarar av veterinære legemiddel og i avgrensa grad til sjukehus.
Leveringsplikt for legemiddel
Apoteka i landet har plikt til å levere alle etterspurte legemiddel som er tillat selt i Noreg. Legemidla skal bli levert «så snart som mogleg», jf. apotekloven § 6-2 (lovdata.no).
Lagerplikt for legemiddel som blir etterspurt jevnleg, er meint å sikre god tilgjengelegheit. Per 1. desember 2023 var det 1051 apotek i Noreg i Noreg, herunder 33 sjukehusapotek eigd av helseføretaka.
I oktober 2016 blei dei første nettapoteka som òg sel reseptpliktige legemiddel, etablert i Noreg. No kan innbyggarar bestille legemiddel på nettet og få dei send direkte heim på døra, eller dei kan henta dei hjå posten.
Nettapotek forenklar og forbetrar kvardagen til innbyggarane, og gir dei større valfridom og eit meir variert tilbod.
Nasjonal legemiddelberedskap
Helsedirektoratet har gjennomgått den nasjonale beredskapen for legemiddel (helsedirektoratet.no), og leverte rapportar i 2019 og 2020. Arbeidet med oppfølging bidrog til at ein raskt kunne iverksette nødvendige tiltak for å sikre forsyninga under pandemien.
Mellom anna blei det innført restriksjonar for omsetting for å sikre at legemiddel forblir i landet, og ved behov kan bli fordelt rettferdig mellom pasientane som treng dei. Vidare er det iverksett oppbygging av nasjonale beredskapslager for forsyningskritiske legemiddel.
Departementet jobbar med overgang frå tiltak innført under pandemien til permanente ordningar, og har nyleg fastsette forskrift om legemiddelberedskapslager for primærhelsetenesta som trer i kraft 15. august 2024.
Råstoff for kriseproduksjon
Som eit ytterlegare beredskapstiltak er det òg kjøpt inn råstoff for eventuell kriseproduksjon av enkelte forsyningskritiske legemiddel.
Internasjonalt samarbeid er viktig for å redusere konsekvensane av legemiddelmangel og sikre god informasjon.
Legemiddelberedskapen i det nordiske samarbeidet er styrka, og Noreg deltar aktivt i EU sitt arbeid for å finne nye tiltak for å styrke legemiddelberedskapen.
Reseptfrie legemiddel
Apotek driv òg om lag 760 medisinutsal som sel reseptfrie legemiddel og som ofte leverer ut reseptpliktige legemiddel som er sendt frå apotek. Det er berre apotek som har rett til å selje legemiddel til forbrukarar, med mindre anna er bestemt.
Visse reseptfrie legemiddel er tillate å selje frå andre utsalgsstader enn apotek. Ordninga er kjend som legemiddel utanom apotek - LUA.