Lovgjevinga på rusfeltet

Oversikt over sentral lovgjeving: Alkoholloven, vinmonopolloven, narkotikalovgjevinga og regulering av omsetnaden av legemiddel.

Alkoholloven

Den sentrale lova om alkohol er alkoholloven (lovdata.no) av 2. juni 1989 nr. 27. Formålet med lova er å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadane alkoholbruk kan innebere, og føresegnene i lova har som mål å avgrense bruken av alkohol. Lova høyrer under Helse- og omsorgsdepartementet og regulerer i hovudsak omsetnad av alkohol. Det inkluderer skjenking, detaljsal (sal til forbrukar) og engrossal, samt tilverking og import/eksport. Alkohollova inneheld også forbod mot reklame for alkohol og ein del andre særlege forbod og påbod.

Lova blir supplert av alkoholforskriften (lovdata.no) og forskrift om engrossal og tilvirkning av alkoholholdig drikk mv. (lovdata.no). Med heimel i lova er det fastsett ei eiga forskrift om alkoholordningen for Svalbard (lovdata.no).

Helsedirektoratet har ansvar for tolkning av alkohollova og har gitt ut eit rundskriv til alkoholloven (helsedirektoratet.no) og til alkoholforskrifta som gir rettleiing til føresegnene.

Skjenking og sal av alkohol

Skjenking og detaljsal av alkoholhaldig drikk (dvs. mot vederlag) krev bevilling. I visse lokale og stader krevst også bevilling for servering og drikking utan vederlag. For å drive engrossal krevst ikkje bevilling, men seljaren må vere registrert som avgiftspliktig verksemd hos avgiftsmyndigheitene.

Bevilling for skjenking og for detaljsal av alkoholhaldig drikk som inneheld opp til 4,7 volumprosent alkohol, blir vanlegvis gitt av kommunane. Det er opp til kommunane sitt frie skjønn om dei vil gi bevilling, og dei kan også setje relevante vilkår for bevillinga.

Vinmonopolet har einerett til detaljsal av vin, brennevin og annan alkoholhaldig drikk som inneheld over 4,7 volumprosent alkohol. Kommunane kan likevel på særlege vilkår gi bevilling til sal av eigenprodusert alkoholhaldig drikk som inneheld opp til 22 volumprosent alkohol og som ikkje fell inn under EØS-avtalen (såkalla "gardssal").

Maksimale tillatne skjenketider er etter lova frå klokka 08.00 til kl. 03.00 for alkoholhaldig drikk opp til 22 volumprosent og frå kl. 13.00 til 03.00 for sterkare alkoholhaldig drikk. Lova inneheld også føresegner om tillatne salstider og salsdagar.

Alkoholloven fastset aldersgrenser for sal og skjenking. Aldersgrensa er 18 år for alkoholhaldig drikk opp til 22 volumprosent og 20 år for sterkare alkoholhaldige drikker. Det er forbode å kjøpe alkoholhaldig drikk for mindreårige (langing).

Det er ikkje tillate å skjenke, utlevere og selje alkoholhaldig drikk til ein person som er openbert påverka.

Det er forbode å selje, skjenke eller selje engros alkoholhaldig drikk som inneheld over 60 volumprosent alkohol. Import av slik drikke kan berre bli utført av den som har statleg bevilling for tilverking.

Tilverking av alkoholhaldig drikk krev bevilling med eitt unntak. Det er tillate å tilverke alkohol som ikkje er brennevin (til dømes øl og vin) til eigen bruk utan slik løyve. Det er forbode å kjøpe brennevin som er ulovleg tilverka.

Det krevst bevilling eller rett til å drive engrossal for å kunne importere eller eksportere alkoholhaldig drikk. Det er nokre unntak frå dette kravet når det gjeld import. Mellom anna kan privatpersonar importere alkoholhaldig drikk til personleg bruk, til dømes i form av nettkjøp frå utlandet. Den som utleverer den alkoholhaldige drikken til privatpersonen i Noreg, må vere ein transportør som er uavhengig av seljaren.

Alkoholreklame

Alkoholreklame er forbode med mindre reklamen fell inn under eit av dei særlege unntaka fastsett i alkoholforskriften (helsedirektoratet.no). Forbodet gjeld også reklame for andre varer med same merke eller kjenneteikn som drikk som inneheld over 2,50 volumprosent alkohol. Slike varer må heller ikkje inngå i reklame for andre varer eller tenester.

Helsedirektoratet fører tilsyn med at føresegnene om reklameforbod blir overhaldne og kan ved brot pålegge retting av forholdet. Samtidig med at pålegg om retting blir gitt, kan tvangsmulkt bli fastsett.

Mulkta løper frå overskriding av fristen for retting, og kan bli fastsett i form av eingongsmulkt eller dagsmulkt. Mulkta fell til staten. Klage på Helsedirektoratet sitt vedtak om reklame blir behandla av Marknadsrådet. Frå 17. september 2024 kan Helsedirektoratet ilegge gebyr for enkelte brot på alkoholloven, mellom anna forbodet mot alkoholreklame.

Andre lover

Ulike forhold knytt til alkohol er regulert i fleire andre lover. Føresegner om alkoholavgifter, avgiftsfrie innførselskvotar mv. er regulert i toll- og avgiftsregelverket.

Vegtrafikkloven (lovdata.no) set forbod mot køyring av motorvogn under påverknad av alkohol. Ein alkoholkonsentrasjon på over 0,2 promille i blodet blir alltid rekna som påverknad. For føring av småbåt følger det av småbåtloven (lovdata.no) at grensa er 0,8 promille.

Fleire lover har føresegner om særleg avhaldsplikt for visse yrkesgrupper, også i eit spesifisert tidsrom før yrkesutøvinga. TIl dømes gjeld dette for helsepersonell etter helsepersonelloven og for flygarar etter luftfartsloven.

 

Vinmonopolet er eit statleg eigd aksjeselskap. Selskapet er regulert gjennom vinmonopolloven (lovdata.no) og ikkje av aksjeselskapsloven. Eigarskapen av Vinmonopolet er lagt til Helse- og omsorgsdepartementet.

Vinmonopolloven fastset at verksemda til selskapet skal bestå i omsetnad av alkoholhaldige varer og av alkoholfrie festdrikker i den utstrekning som selskapet får rett til og på den måten som til ei kvar tid blir bestemt.

Lova inneheld mellom anna føresegner om eigarskapet til Vinmonopolet, utbytte, organiseringa av selskapet og kontroll med selskapet. Lova fastset at selskapet skal ha ein administrerande direktør tilsett av styret, at styret skal ha 9 medlemmar og at selskapet skal ha ei bedriftsforsamling på 21 personar.

All bruk, oppbevaring, omsetnad og andre former for ulovleg omgang med narkotiske stoff i Noreg medfører straffeansvar. Noreg er eit av dei landa i Europa som har dei strengaste straffene for narkotika.

Omgrepet narkotika i Noreg er eit juridisk omgrep, og omfattar dei stoffa som lovgjevaren til ei kvar tid har fastlagt som narkotika. Legemiddelloven § 22 (lovdata.no) regulerer kva stoff som blir rekna som narkotika. Direktoratet for medisinske produkt har i medhald av narkotikaforskriften (lovdata.no) gitt ei detaljert liste (narkotikalista) over kva stoff dette gjeld.

Legemiddelloven § 24 (lovdata.no) omfattar dei mindre alvorlege forholda som bruk og oppbevaring av små mengder, der maksimumsstraffa er inntil 6 månader i fengsel, jf. lova § 31 (lovdata.no). Dette rammar lovbrytaren sitt umiddelbare misbruk.

Straffeloven § 231 (lovdata.no) rettar seg mot profesjonell omsetnad av narkotika. Føresegna forbyr tilverking, innførsel, utførsel, erverv, oppbevaring, sending og overdraging. Den ordinære maksimumsstraffa her er 2 år i fengsel. Dersom det dreier seg om grove brotsverk er maksimal straff 10 år, og under særleg skjerpa omstende kan lovbrotet bli straffa med lova si strengaste straff på 21 år i fengsel. Dette følger av straffeloven § 232 (lovdata.no).

Straffeloven kapittel 27 (lovdata.no) rammar heleri og anna økonomisk utbytte av ei narkotikaforbryting. Det betyr mella anna at kvitvasking av narkotikamidlar er kriminalisert, jf. §§ 337 og 338. Strafferammene er graderte etter grovskap, og dersom utbyttet stammar frå særleg grove narkotikabrotsverk kan det medføre fengselsstraff i inntil 15 år. Ved organisert narkotikakriminalitet kan det bli gitt fengselsstraff på inntil 21 år, jf. straffeloven § 79 (lovdata.no).

Omsetnad, utlevering og sending av narkotika mv. er berre tillate til medisinsk og vitskapleg bruk i samsvar med gjeldande forskrifter regulert i legemiddelloven sitt kapittel VIII (lovdata.no). Produsentar og seljarar er pliktige til å gi dei meldingane og opplysningane om medikamenta som krevst etter lova.

Det er forbode utan lovleg fullmakt å ha eller å bruke narkotika mv. og å skaffe seg tilgang til å få kjøpt slike varer under falske opplysningar, til dømes om namn, bustad, sjukdom eller sjukdomsteikn. Ved bruk av slike vanedannande medikament krevst resept frå lege. Slike middel må ikkje bli nytta til anna formål enn dei er utleverte til, og må ikkje utan lovleg heimel bli overdratt til eller erverva av andre enn den som resepten eller rekvisisjonen er skrive ut til.

På grunn av toleranseutvikling, tilvenning og fare for misbruk blir ein så kortvarig bruk som mogleg (inntil 2-4 veker) av medikament som inneheld narkotiske stoff, som til dømes benzodiazepinar, anbefalt. Fleire norske reseptundersøkingar har stadfesta at langvarig bruk av slike medikament skjer, noko som indikerer stor avstand mellom retningslinjer for forskriving og praksis.

Narkotiske legemiddel på reise

Myndigheitene ønsker å legge til rette for at pasientar med legitime behov skal kunne ta med narkotiske legemiddel for behandling av sjukdom ved innreise til Noreg.

Samtidig er det eit ønske at denne ordninga ikkje blir misbrukt til import av narkotiske legemiddel for vidaresal. Privatpersonar sin tilgang til å medbringe legemiddel som inneheld narkotika ved innreise til og frå Noreg er regulert i narkotikaforskriften § 19 (lovdata.no).