Psykisk helse

Politikken innanfor psykisk helsefeltet skal bidra til helsefremming og førebygging av psykiske helseproblem, og sørge for at personar med psykiske plager og lidingar får nødvendig hjelp og gode tenester.

Menneske i alle aldersgrupper og i alle delar av befolkninga kan utvikle psykiske plager og lidingar. Korleis problemet viser seg, varierer frå person til person og avheng av livssituasjon og omfang av problemet.

Gode helsefremmande tiltak kan bidra til å førebygge psykiske plager og lidingar.

Personar med psykiske plager og lidingar har rett til eit verdig liv med god tilgang til behandling og oppfølging, deltaking i arbeid og aktivitet. Tenestene som blir gitt, skal vere heilskaplege, tilgjengelege og individuelt tilpassa.

Kor og korleis fremmar vi psykisk folkehelse?

Psykisk helse i folkehelsearbeidet handlar om å visa kva som fremmar god psykisk helse og gode liv. Det psykisk helsefremmande og førebyggande arbeidet skjer på alle arenaer der vi lever liva våre, både innanfor og utanfor heimen: i familien, i barnehagar og skular, på arbeidsplassar og i fritidsarenaer.

Dei sektorane som har verkemidla til å fremme god psykisk helse og livskvalitet, må også ha eigarskap til det. Vidare må befolkninga ha kunnskap om korleis dei kan vareta og styrke si eiga psykiske helse.

Meining, tilhøyrsle, sosial støtte og evne til å handtere motgang og belastningar er viktige element i det helsefremmande arbeidet. Folkehelsekampanjar som ABC for god psykisk helse (trondelagfylke.no) kan bidra til dette.

Ein mann i rullestol på arbeidsplassen - ei kvinne ved sida av
Arbeidsplassen er ein viktig arena for psykisk helsefremmande arbeid. Foto: Colourbox

Viktigheten av førebyggande arbeid

Det førebyggande arbeidet handlar om å redusere kjente risikofaktorar og styrke vernefaktorane. Førebyggande arbeid kan rette seg mot heile befolkninga, grupper eller enkeltindivid.

Hjå enkeltindivid kan kjente risikofaktorar vere låg sjølvkjensle, helsefarleg livsstil og manglande evne til meistring.

På samfunnsnivå kan det vere sosial ulikskap, arbeidsløyse og marginalisering av enkelte grupper.

Ein kan også dele inn faktorar for beskyttelse på same måte. For enkeltindivid kan det vere individuelle meistringsevner og positive temperamentstrekk.

På samfunns- og lokalmiljønivå kan det vere samfunn prega av sosial integrasjon, gjensidig tillit, sosial støtte og samhald.

Det førebyggande arbeidet handlar også om å redusere kjente risikofaktorar. 

  • på samfunnsnivå – som sosial ulikskap, og 
  • på gruppenivå – som sosial isolasjon og mangel på støttande sosialt nettverk. 

Det handlar også om å styrke kjente faktorar for beskyttelse som samfunn prega av tillit og sosial støtte, og loklamiljø prega av sosial integrasjon og moglegheit til utfalding. 

Det helsefremmande og førebyggande arbeidet handlar også om god livskvalitet. Høg livskvalitet heng saman med betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar.

Det er derfor eit mål å fremme god livskvalitet i befolkninga. Regjeringa skal legge fram ein nasjonal livskvalitetsstrategi i 2024. Folkehelseloven (lovdata.no) er eit viktig verkemiddel for å fremme god psykisk helse og livskvalitet, og denne skal reviderast.

Kommunane sitt ansvar 

Kommunane skal sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen, inkludert menneske med psykisk helse- og rusproblem. Ulike kommunar organiserer tenestene sine forskjellig.

Nokre samlar dei under ein paraply, og andre samarbeider på tvers av kommunar for å tilby gode tenester.

Tilbodet følger av helse- og omsorgstenesteloven (lovdata.no), og for personar med psykiske plager og lidingar kan dette mellom anna omfatte:

  • utgreiing og behandling,
  • rådgiving og rettleiing,
  • psykososial støtte – inkludert hjelp til å skaffe bustad og korleis ein får hjelp i eigen bustad, og
  • tilvising til psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta.

I tillegg har sosialtenesta og den øvrige arbeids- og velferdsforvaltninga ei rekke ansvarsoppgåver, tenester og tilbod som også omfattar personar med psykiske plager og lidingar, inkludert økonomiske ytingar, arbeidsretta rehabilitering, midlertidig botilbod med meir.

Spesialisthelsetenesta sitt ansvar

Spesialisthelsetenesta har ansvar for å tilby befolkninga spesialiserte tenester. Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) (helsedir.no) tilbyr tenester til pasientar med psykiske lidingar og/eller rus- og avhengigheitslidingar.

Utgreiing og behandling kan skje i poliklinikk, i regi av ambulante tenester eller i samband med døgninnlegging.

Distriktspsykiatriske senter (DPS) og poliklinikkar i psykisk helsevern for barn og unge (BUP) er desentraliserte spesialisthelsetenester som skal dekke behov for utgreiing, behandling og akutt helsehjelp.

Sjukehusa varetar utgreiing og behandling av tilstandar med behov for spesialisert kompetanse, mellom anna for rus- og avhengigheitslidingar, alderspsykiatri, psykoselidingar, spiseforstyrringar, tryggings- og akuttpsykiatri.

Helskaplege behandlingsforløp

Pasientforløp skal gi helskaplege behandlingsforløp der pasienten skal få meir innverknad. Frå 1. januar 2019 blei tenestene innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling organiserte som pasientforløp.

Både kommune- og spesialisthelseteneste har eit ansvar før, under og etter forløpet. Forløpa skal bidra til:

  • auka brukarmedverknad og tilfredsheit,
  • samanhengande og koordinerte pasientforløp,
  • likeverdige tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur, og
  • betre ivaretaking av somatisk helse.

Helsedirektoratet vidareutviklar og forenklar no pasientforløpa (helsedir.no). I tillegg blir det innført forløp i barnevern for kartlegging og utgreiing av psykisk helse og rus (helsedir.no) med somatisk helse, seksuell helse og tannhelse. Forløpet rettar seg mot alle barn med tiltak i barnevernet og skal sikre heilskapleg ivaretaking av barnet si helse frå barneverntenesta og helse- og omsorgstenesta.

Tenester frå ulike instansar

Grensa mellom kommunane sitt ansvar og spesialisthelsetenesta sitt ansvar for oppfølging og behandling er ikkje alltid eintydig, og personar som står i fare for å utvikle, eller har utvikla psykiske lidingar, kan ofte ha behov for tenester frå ulike instansar og nivå for å oppnå god effekt av behandlinga og oppfølginga som blir gitt.

Det er tenestene sitt ansvar å sørge for heilskapen, slik at det er lett for brukar og pårørande å få oversikt og finne fram.

Kommunane og spesialisthelsetenesta har saman ansvar for å tilrettelegge for samhandling og samarbeid.

La fram opptrappingsplan for psykisk helse

Regjeringa la 9. juni 2023 fram sin opptrappingsplan for psykisk helse. Opptrappingsplanen forpliktar for 10 år framover, og inneber ei satsing på minst 3 milliardar kroner

Planen vil handlar om heile befolkninga, med særleg vekt på barn og unge.

Arbeidet med opptrappingsplanen er delt inn i tre innsatsområde:

  • Det helsefremmande og førebyggande området,
  • gode tenester der folk bur, og
  • eit styrka tilbod til dei med langvarige og sammensette utfordringar.