Vinmonopolordninga
Artikkel | Sist oppdatert: 02.07.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Vinmonopolordninga er ein viktig del av norsk alkoholpolitikk. AS Vinmonopolet er eit statleg aksjeselskap som er heileigd av Helse- og omsorgsdepartementet. Selskapet har einerett til å selje alkoholprodukt med meir enn 4,7 volumprosent alkohol til forbrukarar.
Vinmonopolet blei grunnlagt i 1922 for å sikre sal av vin over heile landet og ta omsyn til sosiale aspekt ved alkoholomsetning. I 1931 blei Vinmonopolet underlagt ein eigen lov, vinmonopolloven (lovdata.no) av 19. juni 1931.
Opprettinga av Arcus
Etter at EØS-avtalen trådde i kraft 1. januar 1994, blei import- og engrosmonopolet til Vinmonopolet oppheva. 1. januar 1996 blei Vinmonopolet delt, og det statlege aksjeselskapet Arcus blei oppretta.
Arcus AS tok over all import- og grossistverksemd i tillegg til eineretten til brennevinsproduksjon og tapping på flasker. Vinmonopolet stod att som eit rendyrka detaljsalgsmonopol.
Ingen privatøkonomiske interesser
Vinmonopolet har ansvar for å regulere tilgjengelegheita av alkohol for å avgrense alkoholforbruket. Auka alkoholkonsum fører til auka kostnader for samfunnet i form av helseskadar og sosiale problem.
Vinmonopolet har ingen privatøkonomiske interesser i å auke salget, og bidrar dermed til å avgrense både totalforbruket og alkoholskadene.
Dei fokuserer på ansvarleg sal, haldningsskapande tiltak, effektiv drift og unngår kjøpepress. For å behalde nødvendig legitimitet i befolkninga legg Vinmonopolet vekt på å vere ein faghandelskjede med eit breitt produktutval og personleg kundeservice.
Vinmonopolloven
Vinmonopolloven (lovdata.no) regulerer Vinmonopolet sin verksemd. Selskapet er statleg eigd og styringa ligg hjå Helse- og omsorgsdepartementet.
Lova fastsett at selskapet skal omsette alkoholhaldige varer og alkoholfrie festdrikkar i den grad selskapet får rett til, og på den måten som til ei kvar tid blir bestemt.
Lova inneheld mellom anna føresegner om eigarskapet til Vinmonopolet, utbytte, organiseringa av selskapet og kontroll med verksemda. Vinmonopolloven seier at selskapet skal ha ein administrerande direktør tilsett av styret, at styret skal ha 9 medlemmer, og at selskapet skal ha ei bedriftsforsamling med 21 personar.