Kvalitet og pasienttryggleik

Regjeringa vil styrke det nasjonale arbeidet for pasienttryggleik og kvalitet for å redusere og førebygge omfanget av pasientskadar, både i den kommunale helse- og omsorgstenesta og på sjukehus.

Helse- og omsorgstenesta har ei lovfesta plikt til å jobbe systematisk med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. 

Kvalitetsmålingar, pasienterfaringar og læring av uønska hendingar er viktig i utforming av tenestetilbod og systematisk forbetringsarbeid.

Leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Alle som yter helsetenester etter spesialisthelsetjenesteloven (lovdata.no) og helse- og omsorgstjenesteloven (lovdata.no) har plikt til å sørge for at verksemda jobbar systematisk for kvalitetsforbetring og brukar- og pasienttryggleik. Denne plikta er utdjupa nærare i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten (lovdata.no)

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten slår fast at det er toppleiinga som har ansvaret for at det blir etablert og gjennomført systematisk styring av verksemda sine aktivitetar i tråd med forskrifta.

Plikta til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda sine aktivitetar er utdjupa i forskrifta. Forskrifta utdjupar også kravet om systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar til forskrifta.

Helsedirektoratet sin rettleiar til forskriften om ledelse og kvalitetsforbedring (helsedirektoratet.no) definerer ein teneste av god kvalitet som:

  • er verknadsfulle,
  • er trygge og sikre,
  • involverer brukarane og gir dei innverknad,
  • er samordna og prega av kontinuitet,
  • utnyttar ressursane på ein god måte
  • og er tilgjengelege og rettferdig fordelt.

Det pågår eit arbeid med å revidere denne rettleiaren.

Pasienttryggleik - I trygge hender 24-7

Pasienttryggleiksarbeid i Noreg er samla under slagordet I trygge hender 24-7 (itryggehender24-7.no). Arbeidet er forankra i rammeverk for betre brukar- og pasienttryggleik, som er ein del av Nasjonal helse- og samhandlingsplan (2024–2027).

Rammeverket erstattar Nasjonal handlingsplan for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring (2019-2023), men vidarefører sentrale innsatsområde frå planen. Rammeverket bygger på WHO sin globale handlingsplan for pasienttryggleik (2021-2030) (who.int) som Noreg har forplikta seg til.

Rammeverket angir visjon, mål, verkemiddel og nasjonale innsatsområde, og gir hovudlinjer for arbeidet med brukar- og pasienttryggleik i helse- og omsorgstenestene, forvaltninga og hjå øvrige relevante aktørar. Ved å ha eit fagleg rammeverk på nasjonalt nivå kan merksemda bli retta mot oppfølging og implementering.

Artikkelen held fram under biletet. 

Illustrasjon av pasientsikkerhet
Foto: Nasjonal helse- og samhandlingsplan/Helse- og omsorgsdepartementet

Ansvarsområde

Helsedirektoratet har ansvar for nasjonal koordinering og oppfølging av rammeverket, i samarbeid med øvrig helseforvaltning gjennom eit formalisert samarbeidsorgan.

Samarbeidsorganet skal på eigna måte inkludere tenesta og øvrige relevante interessentar og aktørar som pasient-, brukar- og pårørandeorganisasjonar, forskarar, personell m.fl.

Alle aktørar har medansvar for å implementere rammeverket. Helsedirektoratet skal, saman med samarbeidsorganet, utarbeide ein årleg statusrapport. Helsedirektoratet arrangerer kvart år ei nasjonal pasienttryggleikskonferanse (itryggehender24-7.no)

Nasjonale faglege retningslinjer og nasjonale kvalitetsindikatorar

Helsedirektoratet har eit lovfesta ansvar for å utvikle, formidle og vedlikehalde nasjonale faglege retningslinjer og rettleiingar, samt nasjonale kvalitetsindikatorar.

Dette er verkemiddel for å redusere uønska variasjon, bidra til riktigare prioriteringar og heve kvaliteten i helse- og omsorgstenesta. Dei skal også bidra til å løyse samhandlingsutfordringar og understøtte heilskaplege pasientforløp.

Utvikling og publisering av nasjonale kvalitetsindikatorar er eit viktig bidrag i arbeidet med openheit om kvalitet i helse- og omsorgstenesta, og som grunnlag for at pasientar kan ivareta sine rettar. Nasjonale kvalitetsindikatorar er eit viktig hjelpemiddel for leiinga i alle delar av helse- og omsorgstenesta i arbeidet med kvalitetsforbetring.

Helseatlas

Helseatlas er eit verktøy som samanliknar befolkninga si bruk av helsetenester i forskjellige geografiske område. Helseatlas analyserer variasjon i bruk av helsetenester, der spesielt uberettiga variasjon blir undersøkt.

Målet er at verktøyet skal bidra til å understøtte at heile befolkninga får eit likeverdig tilbod av helsetenester på tvers av geografi og sosiale grupper. 

Medisinske kvalitetsregister

Formålet med medisinske kvalitetsregister er kvalitetsforbetring og forsking. Dei dokumenterer behandlingsprosess, behandlingskvalitet og behandlingsresultat for ei gitt pasientgruppe. Mange register inkluderer pasientrapporterte data, som belyser pasientane sine erfaringar med prosessar og resultat.

Helsedirektoratet bestemmer kva for kvalitetsregister som skal få nasjonal status, og har utarbeidd ein rettleiar for dette.

Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF er nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister, og publiserer resultat for dei nasjonale registrene på resultatportalen.

Helsebiblioteket

Helsebiblioteket (helsebiblioteket.no) gir gratis tilgang til oppslagsverk, retningslinjer, databasar og andre kunnskapsressursar for helsepersonell i Noreg.

Helsebiblioteket blir drive av Folkehelseinstituttet.