Introduksjonsprogram
Artikkel | Sist oppdatert: 20.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.
Kven er omfatta av ordninga?
Målgruppa er personar mellom 18 og 55 år som:
- Har fått asyl og dermed status som flyktningar
- Er overføringsflyktningar
- Har fått opphald på humanitært grunnlag etter en søknad om asyl
- Er familiegjenforeina til dei gruppene som er nemnde over
- Er personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet
Kompetansekartlegging og karriererettleiing
Deltakarar i målgruppa for introduksjonsprogram har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing. Dette skal bidra til introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskilde sitt behov. Kommunen skal sørgje for kompetansekartlegging og fylkeskommunen skal sørgje for karriererettleiing.
Kommunane sitt ansvar
Kommunen har plikt til å syte for introduksjonsprogram til nyankomne innvandrarar i målgruppa som er busette i kommunen. Introduksjonslova gir samstundes kommunane ei rettsleg ramme i integreringsarbeidet. Retten til deltaking i introduksjonsprogram gjeld berre i den fyrste busettingskommunen.
Innhaldet i programmet
Introduksjonsprogrammet er individuelt tilpassa kvalifisering på fulltid, og målsettinga er å styrke moglegheitene for deltaking i yrkes- og samfunnsliv for innvandrarar, samt å styrke deira økonomiske sjølvstende. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde:
- opplæring i norsk
- opplæring i samfunnskunnskap
- kurs i livsmeistring
- arbeids- eller utdanningsretta element
Deltakarar som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrerettleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.
Sluttmål og varigheit for programmet
Kommunen skal setje eit sluttmål for den einskilde sitt program. Det er utdanningsbakgrunn som er førande når ein set sluttmål og varigheit for programmet.
Integreringsplan og integreringskontrakt
Kommunen skal i samarbeid med deltakaren utarbeide ein integreringsplan og ei integreringskontrakt (jf. §§ 15 og 16 i integreringslova)
Deltaking utløyser rett til introduksjonsstønad
Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gongar folketrygdas grunnbeløp på årsbasis. Deltakarar under 25 år som ikkje bur saman med foreldre mottek 2/3 stønad. Deltakarar under 25 år som bur saman med ein eller begge foreldre mottek 1/3 stønad. Stønaden er skattepliktig.
Introduksjonsprogram for personar med kollektiv beskyttelse
Det er gjort mellombelse tilpassingar i integreringslova for personar med kollektiv beskyttelse.
Personar mellom 18 og 55 år med kollektiv beskyttelse har rett, men ikkje plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.
Programmet skal minst bestå av arbeids- og utdanningsretta innehalde og eit språktilbod.
For personar med barn under 18 år, skal også kurs i kurs i foreldrerettleiing inngå i introduksjonsprogrammet. Det gjelder også for dei som får barn i løpet av programmet.
Kommunane står fritt til å tilby innehalde i introduksjonsprogrammet, utover det som er lovpålagt, eksempelvis i samfunnskunnskap og kurs i livsmeistring.
Hensikten med dei mellombelse tilpassingane er å redusere de lovpålagte krava, slik at kommunane i større grad kan tilpasse innhaldet i introduksjonsprogrammet for denne gruppa ut frå kapasitet lokalt og det særlege omsynet som gjeld for denne gruppa.