Busetting av flyktningar

Ansvaret for å busette flyktningar er delt mellom staten og kommunane. Det er frivillig for kommunane å busette flyktningar. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har det statlege ansvaret for oppgåva.

Kvart år oppmodar IMDi norske kommunar om å busette flyktningar. Kommunane gjer så vedtak om kor mange flyktningar dei kan ta imot. Når flyktningar får opphaldsløyve i Noreg, avtaler IMDi busetting med en kommune.

Busetting av flyktningar frå Ukraina

Det er gjort fleire forenklingar for at kommunane skal kunne busette rekordmange flyktningar frå Ukraina. Mellom anna vedtok Stortinget midlertidige endringar i fleire lover, som samla  bidrar til å gjere det enklare for kommunane å busette raskare og handtere den ekstraordinære situasjonen.

For informasjon om busetting av ukrainske flyktningar på ukrainsk og engelsk sjå IMD sine nettsider.

Mål for busettingsordninga for flyktningar

Det er eit mål at alle flyktningar skal bli busett så raskt som mogleg etter innvilga opphald. Einslege mindreårige og familiar med barn er prioriterte grupper i busettingsarbeidet. Busettinga skal og vere treffsikker, det vil seie at flyktningane skal bli busett i kommunar med relevante tilbod om kvalifisering, utdanning, arbeid eller anna tenestetilbod. I tillegg skal busettinga vere styrt og spreidd over heile landet.

Eit nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar

Arbeidet med mottak og busetting av flyktningar i kommunane er nedfelt i ein samarbeidsavtale mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og KS. Avtala blir følgd opp av Nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar, som er leia av IMDi og har eit likt tal representantar frå staten og frå kommunesektoren.

På bakgrunn av prognosar fastsett Nasjonalt utval kor mange flyktningar kommunane samla skal bli oppmoda om å busette det komande året. Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastsett kriteria for oppmoding om busetting på bakgrunn av tilråding frå det nasjonale utvalet. Desse kriteria legg føringar for fordeling av talet på plassar på kommunenivå.

Fylkeskommunane tilrår kor mange flyktningar som bør bli busett i den enkelte kommune i fylket. IMDi samarbeider med KS om oppmodinga, og skal leggje stor vekt på tilrådinga frå fylkeskommunen.

Kommunane busett flyktningar

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune.
På bakgrunn av oppmoding frå IMDi fattar kommunane politisk vedtak om kommunen vil busette og om kor mange personar kommunen ønsker å busette. IMDi inngår avtale om busetting av enkeltpersonar med kommunane som har vedtatt å busette flyktningar. Ved busetting tilbyr kommunen som regel bustad, i tillegg til lovpålagte kommunale tenester.

Dei som blir busett er personar som er innvilga opphald etter søknad om beskyttelse i Noreg og overføringsflyktningar.

Einslege, mindreårige flyktningar under 15 år

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som kjem til Noreg. Barna får eit bu- og omsorgstilbod i tilpassa omsorgssenter.

IMDi har ansvaret for å finne kommunar som kan busette einslege mindreårige flyktningar. Ansvaret for busetting av den einskilde einslege mindreårige er delt mellom IMDi og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). IMDi busett dei einslege mindreårige som bur i mottak i regi av Utlendingsdirektoratet, ofte dei over 15 år. Bufetat, det vil seie direktoratets regionkontor, har ansvaret for den konkrete busettinga av dei som er under 15 år. Etatens overordna mål er å busette barna i rett kommune, med rett tiltak etter vedtak om opphald. Med dette meinast den kommunen som i størst mogleg grad tryggjer barnets omsorgs- og hjelpebehov, som tek omsyn til barnets slektsforhold og som er tilpassa barnets alder.

Integreringstilskot til kommunane

Kommunane mottar tilskot frå staten ved busetting av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. I tillegg får kommunane tilskot for familiesameinte til desse gruppene. Det gjeld både dei som kjem til Noreg samstundes med hovudpersonen og dei som blir sameinte på eit seinare tidspunkt. Tilskota skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til busetting og integrering i busettingsåret og dei fire neste åra. 

Kommunar som tek i mot flyktningar som krev særskilt tilrettelegging og stor grad av oppfølging, til dømes på grunn av helse, uførleik, krigsskadar og liknande, kan søkja om ekstratilskot.