Tolking i offentleg sektor

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det overordna ansvaret for å leggje til rette for tolking til og frå norsk i offentleg sektor. Samstundes har den enkelte fagmyndigheit ansvar for den faktiske bruken av kvalifiserte tolkar innafor deira sektor.

Ny lov om offentlege organ sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) trådde i kraft 1. januar 2022. Føremålet med lova er å bidra til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. Vidare skal lova bidra til å sikre at tolkar held ein fagleg forsvarleg standard.

Tolkelova regulerer mellom anna offentlege organ si plikt til å bruke tolk og eit krav om å bruke kvalifisert tolk. Offentlege organ som bruker tolk jamleg, skal ha retningslinjer for bestilling og bruk av tolk. Kravet om å bruke kvalifisert tolk skal styrkje kvaliteten på tolkeoppdrag som blir utførte i offentleg sektor. Lova regulerer også krav til tolken, som teieplikt og habilitet, og at tolken skal opptre i samsvar med god tolkeskikk. Forskrift til tolkelova (tolkeforskrifta) gir utfyllande føresegner til lova.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Direktoratet gir råd, rettleiing og informasjon om tolkefeltet. IMDi har ansvar for Nasjonalt tolkeregister. Det er eit innsynsregister med oversikt over tolkar i ulike språk og deira kvalifiseringsnivå. Alle forvaltningsnivå, sektormyndigheiter og kommunar har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, bruk, betaling og kvalitetssikring av tolketenester. Offentlege organ kan velje mellom frammøtetolking og fjerntolking (via skjerm eller telefon).