Bynatur: Nordisk eksempelsamling
Artikkel | Sist oppdatert: 05.05.2021 | Klima- og miljødepartementet
Ny nordisk eksempelsamling syner korleis skape gode og berekraftige byområde med utgangspunkt i bynatur.
Eksempelsamlinga er utarbeidd av Sveriges lantbruksuniversitet på oppdrag frå Nordisk ministerråd si arbeidsgruppe for berekraftige byar.
Nordiske land lærer om bynatur av hverandre
Det er stor likskap mellom dei nordiske landa når det gjeld samfunnsstruktur og urbane utfordringar. Landa har òg liknande klimatiske forhold.
Det gjev gode føresetnader for at landa kan lære av kvarandre og samarbeide om å utvikle innovative løysingar for levande, grøne og berekraftige byar og lokalsamfunn.
Berekraftig byutvikling med utgangspunkt i bynatur
Ei nordisk eksempelsamling skal bidra til å spreie erfaringar og auke kunnskapen mellom dei nordiske landa når det gjeld berekraftig byutvikling med utgangspunkt i bynatur.
Målet er å inspirere planleggjarar, arkitektar, forvaltarar, beslutningstakarar og politikarar i å arbeide med grøntområde i byar og tettstader.
15 inspirerande døme frå dei nordiske landa
15 døme frå Danmark, Sverige, Finland, Island og Noreg syner korleis ein kan arbeide med grøntområde i byar og tettstader:
- Klimakvarter Østerbro, København i Danmark: Korleis kan ein arbeide med klimatilpassing og auke det biologiske mangfaldet i eit eksisterande bymiljø?
- Elliðaárdalur, Reykjavik på Island: Korleis kan den eksisterande naturen bli ein grøn ryggrad i ein stadig meir kompakt by?
- Barnehagar i Lahti i Finland: Kartlegging av naturområde utviklar ein grøn og barnevennleg by
- Alnarps landskapslaboratorium, Alnarp i Sverige: Eit nytt skogområde blir eit testbed for tilstøytande byområde
- Augustenborg, Malmø i Sverige: Korleis kan oppfølging og dokumentasjon fremme grøn omstilling av eit eldre byområde?
- The Green Loop, Jyväskylä i Finland: Korleis kan ein skape ein urban grønstruktur, som alle har tilgang til og verdsett, gjennom strategisk planlegging og samarbeid?
- Stora Sjöfallet, Stockholm i Sverige: Korleis skape eit stort biologisk mangfald i eit bustadområde?
- Jomfru Ane Park, Aallborg i Danmark: Ein tidlegare industrihamn blir park og rekreasjonsområde
- Greenest of the Green, Helsinki i Finland: Korleis kan grøntområde og dyrking bli innarbeida i ein kompakt by ved kysten?
- Dalen aktivitetspark, Trondheim i Norge: Korleis kan ungdommar sine perspektiv påverke utforminga av både grøntområde og lokal politikk?
- Augustenborg, Malmö i Sverige: På kva måte kan oppfølging- og dokumentasjonsprosesser fremme grøn omstilling av eit eldre byområde?
- Varbergaskogen, Örebro i Sverige: "Grøn lek" i byen sitt naturreservat som fremmer mangfald og helse
- Hellisgerði, Hafnarfjörður på Island: Dei grøne verdiane til lavafeltane blir som ei bru mellom fortid og nåtid
- Frognerparken, Oslo i Norge: Korleis kan ein forvalte ein eldre, tradisjonell park på ein innovativ måte?
- ByOasen, København i Danmark: Korleis kan det offentlege fange opp grasrotinitiativ for bynatur?
- Akerselva, Oslo i Norge: Elva som drivkraft i byutviklinga
Eksempelsamlinga er digitalt tilgjengeleg på Boverket i Sverige si heimeside
Kvart eksempel vert presentert med nykelord, fakta og lenker for meir informasjon. Eksemplane vert presenterte med ei omtale av plan og prosess, og formidlar viktige erfaringar som kan inspirere andre.
- Sjå video om eksempla frå Boverket (Youtube)
Eksempelsamlinga er utarbeidd av Sveriges lantbruksuniversitet (SLU) på oppdrag frå Nordisk ministerråd si arbeidsgruppe for berekraftige byar.
SLU har òg utarbeide rapporten Nordic Uban Green Space Survey, som ein del av arbeidet for arbeidsgruppa.
Bynatur er viktig
Grøntområda i byane har stor betydning for menneske si helse og livskvalitet. Dei er òg viktige forutsetningar for å skape eit robust bymiljø i eit klima i forandring.
Parkar og grøntområde kan bidra med fleire økosystemtenester, til dømes gjennom å regulere lokalklima, å ta hand om stormvatn, å reinse lufta frå luftforureining og å dempe støy.
Grøntområda utgjer òg viktige livsmiljø for vekstar og dyr – og for biologisk mangfald.
Kunnskap om bynatur si betydning og korleis ta vare på og integrere grøntområde i byutviklinga, er viktig for at vi skal kunne utvikle berekraftige byar og lokalsamfunn.
Nordisk ministerråd har oppretta ei arbeidsgruppe for berekraftige byar (Hållbara städer) som skal bidra til å auke erfaringsutbyttet og samarbeidet mellom dei nordiske landa når det gjeld berekraftig byutvikling. Arbeidsgruppa vert leia av Boverket i Sverige. Klima- og miljødepartementet deltek i arbeidsgruppa.
Arbeidsgruppa fokuserer på bynatur (stadsgrönska) i perioden 2019–2021 ut ifrå visjonen "Med stadsgrönska som premiss skapar vi en modell för världens mest attraktive städer".