Rovdyr i Noreg
Artikkel | Sist oppdatert: 13.10.2021 | Klima- og miljødepartementet
I Noreg har vi bestandar av fire store rovdyrartar: jerv, gaupe, ulv og brunbjørn. Målet er å sikre levedyktige bestandar av desse dyra. Vi skal også leggje til rette for at husdyr og tamrein kan beite i utmarka.
Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltinga, og har hovudansvaret for at det som Stortinget og regjeringa har fastsett blir følgt opp.
Kva er rovdyr og rovvilt og kor mange skal vi ha i Noreg?
I Noreg har vi fire store rovdyr: ulv, jerv, brunbjørn og gaupe. Dei fire store rovdyra utgjer saman med kongeørn det vi kallar rovvilt.
På grunn av ein ønska utrydding, høge prisar på skinn og rause skotpremiar vart alle dei fire artane nær utrydda frå Noreg for om lag hundre år sidan.
Stortinget har fastsett mål for kor mange ungekull vi skal ha av kvar einskild art. Talet på rovdyr er sett lågt av omsyn til beitedyr.
I Noreg skal vi kvart år ha:
- 65 ungekull av gaupe
- 39 ungekull av jerv
- 13 ungekull av brunbjørn
- 4-6 ungekull av ulv. Av desse skal 3 vere heilnorske. Grenserevir blir rekna med, med ein faktor på 0,5
- 850-1200 hekkande kongeørnpar
Gaupe, jerv, brunbjørn og ulv er truga artar
Det betyr at dei har høg risiko for å døy ut frå norsk natur. Jerv, brunbjørn og ulv er i tillegg freda arter.
Kongeørn er ein freda art, men er ikkje ein truga art.
Kven har ansvaret for rovdyr og rovvilt?
Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltinga. Departementet har hovudansvaret for budsjett, regelverk og for at det som Stortinget og regjeringa fastset blir følgt opp.
Miljødirektoratet har det faglege ansvaret for rovviltforvaltinga på nasjonalt nivå.
Noreg er delt inn i åtte rovviltregionar
Kvar rovviltregion vert styrt av ei statleg rovviltnemnd, som er samansett av fylkespolitikarar og representantar utnemnd av Sametinget. Rovviltnemndene har hovudansvaret for rovviltforvaltinga på regionalt nivå.
Rovviltnemndene deler kvar rovviltregion inn i område der rovviltet skal ha prioritet og område der vi tek spesielt omsyn til beitedyra. Det er viktig at det blir sett av store nok område både for rovvilt og for beitedyr.
I område prioritert til rovvilt er det ein høgare terskel for å få lov til å felle rovvilt enn i område prioritert til beitedyr, og beitenæringane skal tilpassast førekomsten av rovdyr i området.
Kven tel rovviltet?
Det er Rovdata som leverer årlege oversikter over kor mykje rovvilt det er i Noreg. Rovdata er uavhengig av rovviltstyresmakta og er ein del av Norsk institutt for naturforskning.
Noreg har ei av dei beste overvakingane av rovvilt i verda. Dette er særleg viktig fordi vi har fastsett så konkrete bestandsmål for kvar enkelt rovviltart.
Lokal deltaking og medverking i kartlegginga og overvakinga av rovvilt er betydeleg. Utfyllande informasjon om korleis du kan delta finn du hos Rovdata.
Kan rovdyr fellast?
Det vert gjennomført kvotejakt på gaupe. Gaupa er ein jaktbar art, slik som mellom anna elg og bever. Fordi gaupa er ein truga art er gaupejakta likevel strengt regulert. Kvart år, før kvotejakta startar 1. februar, vert det fastsett eit bestemt tal (ei kvote) gauper det er tillate å jakte på.
Det er ikkje lov å jakte på ulv, jerv og brunbjørn. Desse artane kan fellast under sokalla lisensfelling, der jegeren må ha registrert seg som lisensjeger. Sidan ulv, jerv og brunbjørn er freda, blir det fastsett ei kvote for kor mange av desse dyra som kan fellast.
Skadefelling er ei tredje form for uttak av rovvilt
I motsetning til kvotejakt og lisensfelling, skal ikkje skadefelling brukast for å regulere størrelsen på rovviltbestandane. Skadefelling skal brukast for å ta ut einskilde individ for å avverje skade på husdyr eller tamrein.
Både ved lisensfelling og skadefelling er det vilkår at uttaket ikkje trugar bestanden si overleving og at formålet ikkje kan bli nådd på annan tilfredsstillande måte.
Lover og reglar
Naturmangfaldlova og viltlova er dei viktigaste lovene i forvaltinga av rovvilt.
Noreg har også ratifisert Bernkonvensjonen, som er ei forpliktande internasjonal avtale.
Både Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova seier at rovvilt skal bevarast i norsk natur, men også at det skal vere mogeleg å ta ut rovvilt for mellom anna å avverje alvorleg skade på husdyr og tamrein.
I Noreg har vi også to rovviltforlik (frå 2004 og 2011) som seier korleis vi i dag skal forvalte rovvilt i norsk natur.
Ulvepolitikken vart vurdert på nytt og endra i tråd med ei fleirtalseinigheit om bestandsmål for ulv og ulvesone på Stortinget våren 2016.