Stortinget har bede regjeringa om å vurdere oppgåver til eit nytt regionalt folkevalt nivå
Artikkel | Sist oppdatert: 03.07.2015 | Kommune- og fylkesinndeling
Stortinget har bede regjeringa om å legge fram forslag til nye oppgåver til eit nytt regionalt folkevalt nivå våren 2016.
Kommunal- og forvaltningskomiteen la fram si innstilling til Meld. St. 14 Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner 2. juni. Stortinget handsama meldinga 9. juni. Fleirtalet på Stortinget støttar dermed opp om framlegget til regjeringa om korleis fylkeskommunane kan utviklast – med fokus på rolla som samfunnsutviklar.
Fleirtalet i komiteen ber om at; "oppgavene til et nytt regionalt folkevalgt nivå (…) gjennomgås og forslag legges frem for Stortinget i en stortingsmelding våren 2016."
Samstundes seier komitéfleirtalet at nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå føreset at prosessen fører til færre fylkeskommunar/regionar av ein viss storleik.
Statsråd Jan Tore Sanner vil i sommar invitere alle fylkeskommunane i landet og Oslo kommune til å innleie dialog med sine nabofylke, med sikte på å vurdere samanslåing. Regjeringa vil be om at fylkeskommunane fattar vedtak om samanslåing innan hausten 2016.
Regional aktør for samfunnsutvikling
Fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen slo i sine merknader fast at det framleis skal vere tre folkevalte nivå. Vidare ber eit fleirtal regjeringa om at oppgåver og ansvar som skal leggast til regionnivået i hovudsak er relaterte til rolla som regional aktør for samfunnsutvikling. Dette vil også omfatte innbyggarretta tenesteproduksjon.
Nye oppgåver til større regionar
Fleirtalet i komiteen føreset at prosessen fører til færre fylkeskommunar/regionar av ein viss storleik, inntektssystemet til fylkeskommunane må vurderast i lys av ny regionstruktur. Komitéfleirtalet ber i sine merknader regjeringa om å vurdere om følgjande oppgåver kan overførast til det regionale folkevalte nivået:
- landbruksoppgåver som ikkje er naturleg å legge til kommunane
- klima- og miljøoppgåver som ikkje er naturleg å legge til kommunane
- styrking av dei regionale forskingsfonda
- fordeling av relevante prosjektmidlar
- oppgåver på integreringsområdet som i dag ligg hjå IMDi og som bør flyttast nærare innbyggarane
- ny ansvarsfordeling og finansiering mellom stat, regionar og kommunar på kultur- og kulturminneområdet, under dette ei vurdering av rolla og ansvaret til Riksantikvaren
- vurdere å avvikle sentral godkjenning av regional planstrategi og overlate avgjerda til det regionale sjølvstyret
I tillegg ber fleirtalet om ei vurdering av fylkesvegane etter forvaltningsreforma frå 2010. Større vegar, med sterke næringsinteresser, kan vurderast overført til staten, som ein del av denne vurderinga.
Rettar fokus mot Fylkesmannen
Komitéfleirtalet gav merknad om at ".. den regionale stat/Fylkesmannen (skal) i utgangspunktet ha ansvar knyttet til tilsyn, kontroll og beredskap og noen veiledningsoppgaver. Oppgaver som legger til rette for bruk av politisk skjønn kan som hovedregel vurderes med sikte på overføring til regionalt folkevalgt nivå. Det bør vurderes å begrense fylkesmennenes oppgaver innenfor næringsutvikling og veiledning av kommunene som samfunnsutviklere."