Så mykje kan du spare ved å bu og arbeide i Finnmark og Nord-Troms

Kalkulatoren gir ei oversikt over og illustrerer dei statleg finansierte økonomiske fordelane ved å busetja seg i innsatssona for Finnmark og Nord-Troms

Bokmål|Samisk

Nedst på denne sida finn du utfyllande informasjon om felta i kalkulatoren. Kalkulatoren er utfylt med standardverdiar som du sjølv må tilpassa. Alle berekningar skjer i nettlesaren slik at dine data ikkje blir delte med nokon.

Utfyllande informasjon om felta i kalkulatoren

Dersom du bur saman med ein annan voksen, vil de saman kunne spare pengar ved å busetja dykk i sona. Kalkulatoren vil vise kor mykje de til saman kan spare viss de huker av i dette feltet.

Du kan få sletta 20.000 koner årleg av gjelda di i Lånekassen ved enda utdanning viss du arbeider som kvalifisert lærer i grunnskulen i innsatssona. Dette søkjer du om kvart år etter fullført oppteningsperiode på eitt år. Dette kjem i tillegg til den generelle ordninga med sletting av utdanningslån i innsatssona (sjå eigen boks). Du kan også ha rett til andre gjeldssletteordningar for lærarar. Sjå fleire døme på kor mykje ein lærar kan få sletta på Lånekassens nettstad.

Dersom den andre vaksne skal jobbe som lærer i grunnskulen, gjeld dei same fordelane som i boksen ovanfor.

Personinntekt omfattar lønnsinntekt, pensjonsinntekt og næringsinntekt og er grunnlaget for å berekna trygdeavgift og trinnskatt. I Finnmark og Nord-Troms er skattesatsen på alminneleg inntekt 3,5 prosent lågare enn elles i landet, og det er eit ekstra inntektsfrådrag på 30.000 kroner («Finnmarksfrådraget») før skatt på alminneleg inntekt blir berekna. Alminneleg inntekt skil seg frå personinntekta ved at frådrag er trekt frå og andre inntekter lagt til.  På Skatteetatens eigen skattekalkulator kan ein å berekna den eksakte skattefordelen ved å bu i sona.

Sjå boksen over.

Studielån/Utdanningsgjeld består av alt lån frå Lånekassen, til dømes til høgare utdanning, fagskuleutdanning, folkehøgskuleutdanning, utdanning i utlandet, og vidaregåande- og grunnskuleopplæring. Du må ha budd og jobba i sona samanhengande i 12 månader for å få rett til gjeldssletting. Grunnlaget for gjeldssletting er det lånebeløpet ein hadde ved avslutta utdanning. Renter og avgifter blir ikkje sletta. Du finn meir informasjon på Lånekassens nettstad om å bu i Finnmark eller Nord-Troms. I dag kan ein etter kvar oppteningsperiode på 12 månader, få sletta gjelda med 20 prosent, men ikkje med meir enn 30 000 kr eller mindre enn 2 000 kr per år.

Regjeringa har foreslått at frå 1. januar 2026 vil alle som har budd og jobba i Finnmark og Nord-Troms i ein 12-månadersperiode, kunne søkja på å få sletta utdanningslån med ein flat sats på 60 000 kr.

Dette betyr at ein allereie frå 1. januar 2025 byrjar å tena opp rett til å få sletta 60 000 kr i Lånekassen.

Sjå boksen over.

15 000 kWh er normalforbruk av elektrisk kraft for rekkjehus/tomannsbustader i Noreg, men forbruket avheng av type og storleik på bustad og på klima. I Finnmark og Nord-Troms betaler ein verken el-avgift, eller meirverdiavgift for elektrisk kraft. Den oppgitte fordelen føreset at ein flyttar frå Sør-Noreg fordi heile Nord-Noreg er fritekne frå meirverdiavgift på elektrisk kraft.

I Finnmark og Nord-Troms er det inga foreldrebetaling for barnehageplassar. Fordelen av gratis barnehage vil vera lågare viss ein flyttar frå ein distriktskommune som allereie har nedsett foreldrebetaling, samanlikna med andre stader i landet. Barnehage er gratis frå tredje barnet for foreldre som har fleire barn i barnehagen samtidig.