Merkur-programmet

Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar (Merkur-programmet) er eit utviklings- og kompetanseprogram for dei minste daglegvarebutikkane i distrikta. Målet for Merkur er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsettinga, sikrar videre drift og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Merkur-programmet skal bidra til å styrke den butikkfaglege kompetansen og auke talet på ulike tenester i butikkane. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som står bak og finansierar programmet.

Servicesenter i bygda

Butikken er både ein salsstad for daglegvarer og ein viktig møteplass i bygda. 

Mange av Merkur-butikkane er blitt bygda sitt servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, drivstoff og ulike tenester for tilreisande turistar. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samstundes som folk i bygda får eit betre tenestetilbod.

Kompetanseprogram 

Eit viktig element i verktøykassa til Merkur-programmet er kompetansebygging for butikkdrivarar. Merkur utvikling er grunnpilaren i Merkur, og blir gjennomført i regi av dei regionale Merkur-konsulentane. Siktemålet er å bidra til å utvikle kompetansen til Merkur-kjøpmenn gjennom kunnskap, nettverk og verktøy for å styrke lønsemda i butikken. Det er om å gjere å finne nye kjelder til inntekt, og utvikle butikken i eit samspel med kommunen og bygda.

Kompetansedelen av Merkur blei fornya i 2020, i eit samarbeid mellom Distriktssenteret, Merkur-konsulentane og styret for Merkur-programmet. Merkur utvikling ble tidlegare omtalt som Merkurs «hovudprogram»

Merkur har 10 godkjente konsulentar fordelt utover heile Norge. Merkur-konsulentane er aktive medspelarar for bygdene og butikkdrivarane. Dei kan hjelpe til med kundeundersøkingar/folkemøte, hjelp til omstilling eller nye organisasjonsløysingar som kan bidra til vidare drift. Talet på Merkur-butikkar er stabilt. Merkur-programmet er ein medverkande årsak til det.

MerkurBok

Merkur har eit eige utviklingsprogram for distriktsbokhandlarar. Gjennom å delta i utviklingsprogrammet får drivarane ny kunnskap, nettverk og verktøy for å styrke lønsemda i butikken, finne nye kjelder til inntekt og utvikle butikken i samspel med kommunen og staden der bokhandlaren ligg. 

Støtte til investeringar

Dei fleste små butikkar i distrikta har utfordringar med økonomien. Dei økonomiske støtteordningane som finst i Merkur-programmet er derfor eit viktig bidrag for å sikre vidare drift, og for å utvikle tilbodet til butikkane. Dei siste åra har det derfor blitt bygd opp ulike tilskotsordningar for Merkur-butikkar gjennom Merkur-programmet, jf. Merkur-forskrifta:

  • Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar: Investeringsstøtta skal bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.Det blir gitt investeringsstøtte til fysiske investeringar i butikkane. Dei siste åra har det vore ei sterk satsing på tekniske løysingar for sjølvbetjente butikkar og invvesteringar i ENØK-tiltak.
  • Utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar: Utviklingsstøtte skal vere med på å byggje opp større kompetanse i daglegvarebutikken, mobilisere bygdefolket til lokal handel, og leggje til rette for tilleggsaktivitetar i butikken som passar best for lokalsamfunnet.
  • Servicetilskot til dei minste daglegvarebutikkane: Servicetilskotet skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet.
  • Investeringstilskot til drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved daglegvarebutikkar: Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal tryggje drivstofftilgangen i distrikta. Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande og etablering av nye drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil i tilknytting til daglegvarebutikkar.
  • Utviklingstilskot til bokhandlar: Utviklingstilskotet skal bidra til å styrkje grunnlaget for lønnsam bokhandeldrift i distrikta.

For å kunne søkje om støtte frå desse ordningane må ein oppfylle ulike krav, mellom anna knytt til omsetnad, avstand til næraste innkjøpsalternativ og tal på husstandar i nærområdet.

Tilskotsordningane har gjort det mogleg for butikkdrivarar å modernisere og utvikle marginale daglegvarebutikkar, slik at butikkane har blitt meir attraktive for kundane, meir konkurransedyktige og meir berekraftige.

Stortinget har gitt Merkur-programmet ei ramme på 61,3 millionar kroner for 2022.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.