Bruk av norsk i offentlege organ
Artikkel | Sist oppdatert: 22.05.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Språklova gjeld for alle offentlege organ. Føremålet med lova er å gje norsk språk lovfesta status og sterkare vern, gjennom å sikre offentleg bruk av både bokmål og nynorsk. Lova skal tryggje statusen norsk har som samfunnsberande hovudspråk og fellesspråk for alle i landet. Samtidig gjev språklova status og vern til samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.
Lova skal sikre at alle offentlege organ
- tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk
- kommuniserer på eit klart og korrekt språk til brukarar av tenester og til eit allment publikum
- følgjer den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk
For statsorgan og fylkeskommunar gjeld det kvotereglar for skriftleg bruk av nynorsk og bokmål (§§ 13 og 14). Slike reglar gjeld også den administrative verksemda ved universitet og statlege høgskular, andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta (jf. § 3).
Andre viktige reglar:
- Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål (§ 19 i lova). Dei fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever nærmare bestemte føresegner i lova. Språkrådet rettleiar offentlege organ om regelverket.
- Statsorgan pliktar å gje Språkrådet opplysningar som dei treng for å føre tilsyn (jf. § 20).