Kunstnarøkonomien
Artikkel | Sist oppdatert: 30.01.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet sitt arbeid for kunstnaranes virke og økonomi består av eit verkemiddelapparat som skal treffe breitt. Føremålet er å støtte opp under eit åpent, inkluderande og mangfaldig kulturliv, og at kunstnarar skal ha økonomiske rettar og arbeidshøve.
Etter andre verdskrig har det offentlege i aukande grad teke eit ansvar for at det vert skapt og vist kunst i Noreg. Infrastrukturen for kunstproduksjon og -visning er etablert gjennom institusjonar, regelverk, offentlege støtteordningar og stipend og ulike ordningar for distribusjon og turnéverksemd. Den internasjonale dimensjonen i kulturpolitikken er inkorporert i den generelle, nasjonale kunst- og kulturpolitikken.
Kunstnaranes arbeidshøve
I dag er Noreg eit land med høg kunstnarleg aktivitet, mange profesjonelle kunstnarar og stor tilvekst til kunstnaryrket. Mens eit fåtall av kunstnarane har faste stillinger er 70-80 prosent av landets kunstnarar frilansere og sjølvstendig næringsdrivande. Det frie feltet har derfor eit særlig fokus i kunstnarpolitikken. Offentleg støtte, som statlege stipend og støtteordningar skal kompensere for ein avgrensa marknad og medverka til eit mangfaldig kulturtilbod.
Eit breitt verkemiddelapparat
Gjennom lover sikrar staten kunstnarane sine rettar, og vederlaget dei skal ha for bruken av verka og arbeida deira. Som innkjøpar sørgjer staten for inntekter til kunstnarar, og gjennom tilskot og støtteordningar medverkar staten til at ulike kunstuttrykk vert laga og gjorde tilgjengelege for publikum. Statlege løyvingar til kunstinstitusjonar gjev oppdrag og faste eller mellombelse stillingar til utøvande og skapande kunstnarar.
I Noreg er det ein lang tradisjon for at offentlege midlar til kunst forvaltast med ein armlengds avstand frå politikarar, og at avgjerder om prioriteringar baserast på fagfellevurderingar i kollegiale organ. Kunstnarar og fagfolk frå dei ulike kunstfelta vurderer søknader i utval og komitear. Midlane i Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilete og Statens kunstnarstipend vert fordelte av kollegiale organ på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjøn innanfor overordna føringar som er gjevne av Stortinget og departementet.
Fleire statlege etatar har ansvar for ulike verkemiddel som er viktige for kunstnarane. Kulturdirektoratet, Kunst i offentlege rom (KORO) og Norsk filminstitutt har til dømes søkbare ordningar for kunstnarleg aktivitet og utvikling på kunstfelta. Også NRK og Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg er relevante aktørar for kunstfelta. Offentleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar inngår i kunstnarpolitikken på fleire måtar og er spreidde over heile landet. Dei er arbeids- og oppdragsgjevarar, faglege møteplassar, kompetanseaktørar og samarbeidspartnarar.
Juridiske verkemiddel
Som politikkområde er kunst- og kulturfeltet i lita grad lovregulert. Likevel er det nokre lover som er viktige også i kunstnarpolitisk samanheng. Heilt sentralt her står åndsverklova. Når ein opphavar gjev samtykke til bruk av åndsverk etter åndsverklova, skal det som regel betalast eit økonomisk rimeleg vederlag. Kunstnarar kan velje å la ein forvaltningsorganisasjon ta hand om dei økonomiske rettane. Åndsverklova inneheld òg reglar som inneber at verk kan brukast utan samtykke frå opphavaren. Staten kompenserer for noko av denne bruken mellom anna via fond og vederlagsordningar.
Støtteordningar
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for etatar og ordningar som legg forhold til rette for at kunstnarar kan ha kunstnarleg aktivitet som hovudvirke:
- Norsk kulturfond - kulturradet.no
- Statens kunstnerstipend - kulturradet.no
- Fond for lyd og bilde - kulturradet.no
- Norsk filminstitutt
- Fond for utøvende kunstnere
- Kunst i offentlige rom (KORO)
- Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken
Internasjonalt:
DogA, Music Norway, NORLA, Norsk filminstitutt, Norwegian Crafts, Office for Contemporary Art og PAHN
Aktuelt
- Kunstnarmeldinga Meld. St. 22 (2022-2023) Kunstnarkår blei behandla i Stortinget våren 2024.Kultur- og likestillingsdepartementet arbeider med oppfølginga.
- Utvalg for helhetlig gjennomgang av musikkfeltet - regjeringen.no
- Regionale kulturfond på høyring - regjeringen.no